Lars Olsen Soelberg () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Soknedal i Sør-Trøndelag. Han representerte partiet Venstre, hadde i 14 år sete på Stortinget. Ole Ingebrigtsen Soelberg var far hans.
Soelberg arbeidde som kontorist hos sorenskrivaren i Gauldal. Der var han i 2 1/2 år, gjekk deretter 1-årig landbruksskule på Munkvoll. Frå 1850 forpakta han garden Vikhammar i Malvik i fem år. Han kjøpte då garden Hognes i Stjørdal og dreiv denne frå 1855 til 1898. Han var ordførar i Stjørdal 1864-67 og 1872-75, og til saman i heradsstyret og/eller formannskapet i 38 år. Soelberg var valmann til Stortinget 15 gongar, fyrste gongen i 1856. Han vart sjølv innvald representant frå Nordre Trondhjems amt i fire periodar, 1880-82 og 1886-94, men møtte fyrste gongen 1878-79 som 1. varamann. Han var frå 1878 til -83 medlem av tollkomiteen, sekretær i same komiteen 1886-94. Heile si tid som vald representant var han medlem av Lagtinget, siste tingperioden var han sekretær i same. 1892-94 var han i tillegg medlem av valkomiteen.
Soelberg døydde 1907 på garden i Stjørdal.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Litteratur Tormod Røe: Stjørdal kommune 1837–1987 : Kommunalt selvstyre 150 år (1987), s. 58.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Nedre Stjørdal Kategori:Venstreordførarar i Nord-Trøndelag Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Midtre Gauldal