mini|Dekorert kalebass frå Kongo Kalebass (frå spansk calabaza gjennom fransk calebasse, kanskje opphavleg persisk) er namnet på det hole og tørka fruktskalet frå det tropiske kalebasstreet (Crescentia cujete) i trompettrefamilien Bignoniaceae, som ein finn i Sør-Amerika. I andre område brukar ein også fruktskal av artar i graskarfamilien (Cucurbitaceae), som til dømes flaskegraskar, (Lagenaria siceraria) til slikt handverk. Ordet «kalebass» vert også brukt om drikkekar, skåler og anna handverk som er laga av slike skal.«Kalebass» hjå Store norske leksikon, innhenta 4. juli 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
Kalebassar har ei rekkje ulike bruksområde. Dei kan brukast som flasker, glas, auser, piper, fløyter, rangler, fuglekasser og flytarar for fiskegarn. Ein kan også dekorera dei gjennom måling, rissing eller utskjering.
Mat- og drikkekar
Musikk Afrikanske perkusjonsinstrumentet som shekere, axatse, balafon og caxixi er ofte laga med kalebassar. Det latinamerikanske perkusjonsinstrumentet güiro er laga av kalebass Maracas kan også lagast av kalebassar Dei sørasiatiske strengeinstrumenta sitar og vina har kalebassar som resonanskassar
Dekorasjon
Kjelder
«Kalebass» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 4. juli 2010.
Kategori:Trompettrefamilien Kategori:Graskarfamilien Kategori:Handverk Kategori:Ilåt Kategori:Drikkekar Kategori:Matkar