mini|Framstilling av Dyrekrinsen som går rundt jorda. mini|Zodiakmannen frå Très Riches Heures du Duc de Berry. mini|Teikna i Dyrekrinsen i ein illustrasjon frå 1500-talet. Dyrekrinsen eller zodiaken viser til eit tenkt belte av stjerneteikn som går rundt jorda langs ekliptikken. Dei fleste stjerneteikna har namn etter dyr. Omgrepet blir brukt innan astrologi, der kvart stjerneteikn skal ha særskilde eigenskapar.
Inndeling Dei tolv stjerneteikna i Dyrekrinsen er: Vêren (Aries) 21. mars - 20. april Tyren (Taurus) 21. april - 20. mai Tvillingane (Gemini) 21. mai - 21. juni Krepsen (Cancer) 22. juni - 23. juli Løva (Leo) 24. juli - 23. august Jomfrua (Virgo) 24. august - 22. september Vekta (Libra) 23. september - 21. oktober Skorpionen (Scorpio) 22. oktober - 21. november Skyttaren (Sagittarius) 22. november - 21. desember Steinbukken (Capricorn) 22. desember - 19. januar Vassmannen (Aquarius) 20. januar - 19. februar Fiskane (Pisces) 20. februar - 20. mars
Stjerneteikna er delte inn i fire grupper som svarer til dei fire elementa frå gresk antikk. Teikna knytte til eld er Vêren, Løva og Skyttaren, dei knytte til jord er Tyren, Jomfrua og Steinbukken, dei til luft er Tvillingane, Vekta og Vassmannen, og dei til vatn er Krepsen, Skorpionen og Fiskane.
Sjå også Horoskop
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dyrekretsen» frå , den 18. juli 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Astrologi Kategori:Himmelkoordinatsystem Kategori:Astronomi i antikken