L'Estro Armonico, Op. 3, («Harmonisk inspirasjon» på italiensk) er ei samling av tolv solokonsertar ein, to og fire fiolinar skriven av Antonio Vivaldi og publisert i Amsterdam i 1711. Dette var den første solokonsertsamlinga til Vivaldi og eit av dei viktigaste verka frå denne tida, som inspirerte mange komponistar, som lagde tusenvis av imitasjonar på første halvdel av 1700-talet. Samlinga la i røynda grunnlaget for solokonsert-formatet på 1700-talet. Ho forsterka ryet til Vivaldi som Il Prete Rosso (Den raude presten). Vivaldi-forskaren Michael Talbot gjekk så langt som å seie at «verka er kanskje den viktigaste samlinga av instrumental musikk som kom på heile 1700-talet».Sitert av H. C. Robbins Landon, Vivaldi: voice of the baroque, s. 42, University Of Chicago Press (1996), ISBN 978-0-226-46842-6

Samlinga vart stort sett sett saman i kronologisk rekkefølgje. Desse konsertane vert ofte kalla concerti grossi sidan det vert nytta eit concertino-aktig ensemble (solocello er ofte nytta).

Samlinga var tileigna storhertug Ferdinand av Toscana.

Konsertane

Verka har følgjande satsar

L'Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 1 i D-dur for fire fiolinar og strykarar, RV 549: Allegro Largo e spiccato Allegro

L’Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 2 i G-moll for to fiolinar, cello og strykarar, RV 578: Adagio e spiccato Allegro Larghetto Allegro

L'Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 3 i G-dur for fiolin og strykarar, RV 310: Allegro Largo Allegro

L’Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 4 i E-moll for fire fiolinar og strykarar, RV 550: Andante Allegro assai Adagio Allegro

L'Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 5 i A-dur for to fiolinar og strykarar, RV 519: Allegro Largo Allegro

L’Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 6 i A-moll for fiolin og strykarar, RV 356: Allegro Largo Presto

L’Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 7 i F-dur for fire fiolinar, cello og strykarar, RV 567: Andante Adagio Allegro - Adagio Allegro

L’Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 8 i A-moll for to fiolinar og strykarar, RV 522: Allegro Larghetto e spiritoso Allegro

L'Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 9 i D-dur for fiolin og strykarar, RV 230: Allegro Larghetto Allegro

L’Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 10 i H-moll for fire fiolinar, cello og strykarar, RV 580: Allegro Largo - Larghetto Allegro

L'Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 11 i D-moll for to fiolinar, cello og strykarar, RV 565: Allegro - Adagio e spiccato - Allegro Largo e spiccato Allegro

L'Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 12 i E-dur for fiolin og strykarar, RV 265: Allegro Largo e spiccato Allegro

Transkripsjonar Johann Sebastian Bach transkriberte seinare seks konsertar frå denne samlinga. Konsertane nr. 3, 9 og 12 vart arrangert for klaver og er katalogisert som BWV 978, 972 og 976. Konsertane nr. 8 og 11 vart solokonsertar for orgel, BWV 593 og 596. I tillegg vart dei konsert nr. 10 omarbeidd til Konsert for fire cembalo og strkarar, BWV 1065.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «L'estro Armonico» frå , den 21. juli 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

More on L’estro Armonico Partitur for dei tolv konsertane - PDF og CFT(DMuse Viewer) format

Kategori:Fiolinkonsertar Kategori:Musikkverk av Antonio Vivaldi Kategori:Musikk i 1711