Khalid Boulahrouz () er ein nederlandsk fotballspelar med marokkanske foreldre som har spela for Stuttgart i tysk Bundesliga og det nederlandske landslaget. Han debuterte for A-landslaget 3. september 2004 i ein kamp mot Liechtenstein. Han var med i Nederland sin tropp til fotball-VM i 2006 der han vart utvist i åttedelsfinalen mot Portugal etter to gule kort. Til fotball-EM i 2008 var han opphavleg ikkje teken ut i troppen, men kom med etter at Ryan Babel vart skadd. Han spelte frå start i gruppekampane i EM. I fotball-VM i 2010 var han igjen med i troppen, men ikkje i førsteellevaren. Han spelte frå start i den siste gruppekampen, mot Kamerun, og i semifinalen mot Uruguay.

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Waalwijk-spelarar Kategori:Hamburg-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Sevilla-spelarar Kategori:Stuttgart-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012