29 (romartal XXIX) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den julianske kalenderen. I samtida i Romarriket var det kjent som året då Geminus og Geminus var konsular, eller sjeldnare, år 782 ab urbe condita.

Hendingar

Agrippina den eldre blei send i eksil på Pandataria og sønenen hennar (bortsett frå Caligula) blei fengsla av Sejanus.

Ifølgje Lukasevangeliet (Luk. 3:1-2), byrja Johannes døyparen og Jesus å forkynna dette året.Colin Humphreys, The Mystery of the Last Supper Cambridge University Press 2011 , s. 65 Krossfestinga av Jesus fann stad dette året ifølgje katolsk tradisjon og kronologien til Tertullian.An Answer to the Jews, kap. 8, som plasserer hendinga i året då Lucius Rubellius Geminus og Gaius Fufius Geminus var konsular.

Døde Gaius Fufius Geminus, romersk plebeiartribun og konsul Livia Drusilla, romersk keisarinne gift med Augustus og mor til Tiberius Julia den yngre, romersk adelskvinne, dotterdotter av keisar Augustus.

Kjelder