Moss er ein by og administrasjonssenter i Moss kommune i Østfold fylke. Byen strekker seg ut over kommunegrensene og inkluderer også busetnad i kommunane Rygge og Vestby. Delen av byen som ligg i Moss har 30 201 innbyggjarar (2012). Totalt har heile Moss tettstad ei folkemengd på .

Moss ligg på austsida av Oslofjorden og er eit knutepunkt for samferdsel. Byen har ferjesamband over fjorden til Horten i Vestfold fylke, og direkte flysamband til byar i Noreg og Europa gjennom Moss lufthamn, Rygge. I tillegg har byen jernbane, og ligg nært til E 6.

Byen er eit viktig handels- og administrasjonssenter, med eit mangfaldig industri- og handelsmiljø. Moss er sete for fylkesmannen i Østfold og fylkesarbeidskontoret, medan fylkeskommunens administrasjon ligg i Sarpsborg. I byen ligg Sykehuset Østfold Moss og to vidaregåande skolar, Kirkparken VGS og Malakoff VGS, som er drivne av Østfold fylkeskommune.

Moss fekk bystatus i 1720. __NOTOC__ Historikk og kultur Moss voks opp ved munningen av Mosseelva der det var kverner og saltkokeri alt i mellomalderen, og frå 1500-talet sagbruksdrift og trelasthandel. Moss er omtalt i 1560 som ladestad og blei kjøpstad i 1720 etter at Moss Jernverk var sett i drift i 1704. Jernverket blei lagt ned i 1876, men hovudbygningen, Konventionsgaarden frå 1778, er verna. Det var her Mossekonvensjonen blei underteikna i 1814. Den moderne industrialiseringa starta i Moss i siste tredjedel av 1800-talet med etablering av mellom anna hermetikkfabrikk, fabrikk for oljeklede (Helly Hansen), treforedlingsverksemd (M. Peterson & Søn AS) og glasproduksjon (Moss Glasværk).

På sørsida av Jeløy ligg Alby gård med kunstgalleriet Galleri F 15. Her er det også oppretta eit naturvernsenter. Rød Gård har allsidige kulturaktivitetar. På vestsida ligg Refsnes Gods, som nå er hotell.

Sjå òg Moss kommune Tettstader i Østfold

Kjelder

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Moss kommune

Kategori:Moss kommune Kategori:Byar i Østfold Kategori:Tettstader i Østfold Kategori:Kommunesenter i Østfold