Aslaug Nyrnes () var ein norsk akademikar. Ho tok for seg litteraturvitskap og didaktikk.
Bakgrunn og utdanning Nyrnes var fødd i Lom. Ho utdanna seg ved Universitetet i Trondheim og Universitetet i Bergen, der ho fekk grada cand.philol. ved Nordisk institutt i 1981.
Nyrnes tok doktorgrad i 2002 med ei avhandling om dei didaktiske sidene ved Moralske Tanker av Ludvig Holberg. Avhandlinga førte til at Nyrnes utvikla ny teori rundt retorisk didaktikk.
Karriere I 1982 blei Nyrnes tilsett ved Bergen lærarhøgskole ved Høgskolen i Bergen. Ho førelas ulike stader om forskings- og vitskapsteori og om praktisk pedagogikk. Frå 2007 var ho tilsett som professor i kunstfagdidaktikk ved Høgskolen.
Ho leia det Norges Forskningsråd-støtta «prosjekt Kunstfagdidaktikk», som gjennom tverrfagleg støtte frå fagmiljø innan dans, drama, kunst og handverk, musikk og norsk søker å utvikla ny didaktikk for kunstfag. Ho var òg leiar for prøveordninga med eit eige vurderingsutval for sakprosa i Norsk kulturråd frå 2005 til 2008, som førte til ei fast innkjøpsordning for sakprosa frå 2009.
Nyrnes gav mellom anna ut boka Det (ny)norske mennesket. Ein litterær analyse av familiebladet For bygd og by (1985). Ho gav òg ut fleire artiklar om pedagogikk og analyser av forfattarar som Holberg og Knut Hamsun.
Utgjevingar Det (ny)norske mennesket (Oslo: Samlaget, 1985). «Det didaktiske rommet. Didaktisk topologi i Ludvig Holbergs Moralske Tanker» (Universitetet i Bergen, 2002. Dr.art.-avhandling). Lighting from the side : rhetoric and artistic research (2006). Hefte i serien Sensuous knowledge : focus on artistic research and development Ut frå det konkrete. Bidrag til ein retorisk kunstfagdidaktikk (Oslo: Universitetsforlaget, 2008. Saman med Niels Lehmann).
Prisar og utmerkingar I 2006 fekk Nyrnes FoU-prisen for arbeid med å fremja Høgskolen i Bergen som forskingsinstitusjon.
Kjelder
«Didaktisk praksis i Holbergs Moralske Tanker» ved uib.no «Evaluering av sakprosaordninga» ved kulturrad.no Søk etter «Aslaug Nyrnes» i bibsys.no
Kategori:Folk frå Lom Kategori:Professorar ved Høgskolen i Bergen