Klaas-Jan Huntelaar () er ein nederlandsk fotballspelar som i 2014 spelar som spiss for Schalke 04 i tysk Bundesliga, og for Nederland sitt landslag.
Huntelaar var toppskårar i nest høgste divisjon i Nederland i 2004, då han spelte for AGOVV Apeldoorn, og vart kåra til årets spelar i divisjonen same året. I 2006, då han spelte for Ajax, vart han kåra til årets talent i toppdivisjonen, Eredivisie, og i 2006 og 2008 vart han toppskårar i Eredivisie for Ajax. Han var Schalke sin toppskårar i Bundesliga i 2011/12-, 2012/13- og 2013/14-sesongen, og i 2011/12-sesongen var han toppskårar i Bundesliga totalt, med 29 mål.
Huntelaar var med på å vinna U21-EM med Nederland i 2006, og vart toppskårar i turneringa. Han er det nederlandske U21-landslaget sin toppskårar nokonsinne, med 18 mål på 20 kampar. Han debuterte for A-landslaget 16. august 2006 i ein privatlandskamp mot Irland, der han skåra to mål. Han var med i troppen til fotball-EM i 2008, der han fekk spela éin kamp og skåra eitt mål, i gruppekampen mot Romania. I fotball-VM i 2010 fekk han ikkje spela nokon kampar frå start, men kom inn som innbytar i fire kampar og skåra eitt mål, i gruppekampen mot Kamerun.
Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:De Graafschap-spelarar Kategori:AGOVV-spelarar Kategori:Heerenveen-spelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Schalke-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014