Thomas Cathinco Bang () var ein norsk embetsmann, stortingsmann for Høgre og statsråd frå Drammen. Thomas Bang var far hans.

Bang var fødd på Strømsø i Drammen. Han var student frå Drammens skole i 1843 og cand. jur. i 1849. 1849-52 var han sekretær for ein kongeleg kommisjon som undersøkte mogleg misleg framferd ved Kongsberg sølvverk. Deretter var han frå 1852 tilsett i Indredepartementet, frå 1858 byråsjef ved brannforsikringskontoret og 1867 ekspedisjonssjef i same. I 1872 vart han borgarmeister i Drammen. 1883-84 var han amtmann i Buskerud amt. Bang var så, 1884, indreminister i den kortvarige Schweigaard-regjeringa. Etter han gjekk ut av statrådet vart han atter borgarmeister i Drammen, før han i 1890 på ny vart amtmann i Buskerud.

Åra 1877-94 var Bang stortingsrepresentant for Drammen. Han var medlem av protokollkomiteen 1877-88, av fullmaktskomiteen 1883-84, 1886-94, sekretær 1889 og formann 1890-91 i sistnemnde. Formann 1889-91 og medlem 1892-94 av valkomiteen, formann 1889-91 av næringskomite nr 1, medlem 1892-94 av næringskomite nr 2. Elles var han president i Stortinget 1890-91 og medlem av Lagtinget 1889-94. På Stortinget høyrde Bang med mellom dei leiande på den konservative sida av politikken.

Bang døydde 1902 i Drammen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske statsrådar 1814-1884 Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Norske innanriksministrar Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar for Drammen Kategori:Ordførarar i Drammen Kategori:Norske amtmenn Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Drammen