Granvin stavkyrkje var ei stavkyrkje i Granvin i Hardanger, som vart riven rundt 1722. Det er ikkje bevart nokon kjende bygningsrestar frå kyrkja. Kyrkja stod på same tomta som dagens Granvin kyrkje, ved Granvinsvatnet.
Historie Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Eit "Granvin sokn" er nemnt i kjeldene i 1306, og det må altså ha funnest ei kyrkje i Granvin seinast då."...i Gronvina sokn i Hardangre". Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 477. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum II, 82 Kyrkja vart utvida i tømmer to gonger: I 1690-92 med 20 gonger 20 fot (om lag 6 gonger 6 meter), og 1702-04 vart koret utvida med 16 fot (5 gonger 5 meter).Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 477 Kyrkja er nemnt for siste gong i rapportar frå 1722, då som ein bygning halvt av stav og halvt av tømmer. Kort etterpå må ho ha vorte riven, så ein rapport frå 1885 seier at den noverande kyrkja då var nærare 200 år gammal.
Utsjånad Det går fram av rekneskapa til kyrkja for 1699 - 1701 at ho var omgitt av ein svalgang. Denne må ha gått rundt heile kyrkja, då det i 1665 vert nemnt ein "svale i østre Bryst" (gavl). Eit tårn på taket vert omtala i 1660. Det vart fornya i 1690. Kyrkja hadde våpenhus i vestre ende og ved korinngangen på sørsida. Innvendig var kyrkja måla. Storleiken på skipet skal ha vore 46 fot gonger 22 fot (om lag 14 m x 7 m) og koret 36 fot gonger 18 fot (11 m x 6 m).
Fotnotar
Kjelder Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kyrkjer i Voss Kategori:Kulturminne i Voss Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg