Llyn Tegid, på engelsk også Bala Lake, er ein stor innsjø i Gwynedd i Wales. Det var den største naturlege innsjøen i Wales før vassnivået i innsjøen vart heva av Thomas Telford for å gje meir vatn til Ellesmere-kanalen. Han er 6,4 km lang og 1,6 km brei, og vert stundom råka av brå og farleg flaum. River Dee renn gjennom innsjøen og vatnet er kjend for å vere djupt og klårt. Byen Bala ligg ved den nordlege breidda og Bala Lake Railway går fleire kilometer langs sørsida av innsjøen.
Bala Lake er rik på gjedde, åbor, karpe, aure, ål og sik. Her finst òg det sjeldne blautdyret Myxas glutinosa - ein klebrig snigl.
Fleire selskap driv utleige av kajakk og andre typar båtar ved innsjøen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bala Lake» frå , den 4. september 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Llyn Tegid ved snowdonia.gov.wales www.geograph.co.uk : bilete av Bala Lake og omliggande område
Kategori:Geografi i Gwynedd Kategori:Innsjøar i Wales Kategori:Site of Special Scientific Interest i Wales