Bård André Hoksrud () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Telemark i 2005, og vart sist attvald i 2017. Han var vararepresentant i periodane 1997–2005.

Karriere Hoksrud har vore kommunestyrerepresentant i Bamble kommune og medlem av fylkestinget i Telemark. Han har tidlegare vore formann av Framstegspartiets Ungdom. Frå 31. august 2018 til 22. januar 2019 var han landbruks- og matminister i Regjeringa Solberg.

I september 2011 vart han filma av TV2 på veg ut av ein bordell i Riga. Han innrømte etter dette å ha kjøpt sex av ei prostituert kvinne. Hoksrud trekte seg etter avsløringa frå alle verv i FrP, men held fram som stortingsrepresentant. Han vedtok bota på 25 000 kroner som han vart pålagt å betale av Politiet i Telemark for brot mot §202a i Straffelova.

Stortingskomitear 2019– : medlem i finanskomiteen 2015–2018: medlem i helse- og omsorgskomiteen 2009–2013: andre nestleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen 2005–2009: medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen 2005–2013: medlem i valkomiteen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bård Hoksrud» frå , den 9. september 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Frp-statsrådar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Solberg Kategori:Statssekretærar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Leiarar av Framstegspartiets Ungdom Kategori:Lokalpolitikarar i Bamble Kategori:FrP-politikarar i Telemark Kategori:Folk frå Porsgrunn