Mette Hanekamhaug () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal i 2009, og er dermed Stortingets yngste representant.Arne Rovick. «Mette (22) yngst på tinget», TV 2 Nyhetene, 15. september 2009 Ho er medlem i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité.
Hanekamhaug gjekk først medier og kommunikasjon ved Romsdal VGS. Ho er seinare utdanna marknadsøkonom og innan PR og kommunikasjonsleiing frå Handelshøgskolen BI. I tillegg har ho ex.phil., ex.fac. og kurs i tverrkulturell kommunikasjon frå Høgskolen i Telemark. Hanekamhaug var prosjektmedarbeidar i d:mo i 2003, butikkmedarbeidar i Til Bords 2004–2006, og medarbeidar i JCP eventbyrå 2008–2009.
Ho var formann i Molde FpU 2003–2005. Studieleiar i Møre og Romsdal FpU 2004–2005, politisk nestformann 2005–2006, og formann i 2006. Hospitant i stortingsgruppa til Framstegspartiet 2007–2008. Medlem av Møre og Romsdal fylkesting og varamedlem av Molde kommunestyre frå 2007 til innvalet på Stortinget.
21. september 2009, under finteljinga av stemmene frå stortingsvalet, vart det meldt at Hanekamhaug likevel ikkje hadde fått plass på Stortinget, men at Møre og Romsdals utjamningsmandat heller gjekk til Torgeir Dahl (H). Om lag ein time seinare viste dette seg å vere ein reknefeil frå Telemark som hadde gjort utslaget, og Hanekamhaug var dermed inne på Stortinget att.Mads A. Andersen og Ingunn Andersen. «Mette Hanekamhaug inne likevel», Verdens Gang, 21. september 2009Mads A. Andersen og Ingunn Andersen. «Geir Mo om Hanekamhaug-kaos: - Forundret og rystet», Verdens Gang, 21. september 2009
Stortingskomitear 2009–2013 medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mette Hanekamhaug» frå , den 10. september 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Mette Hanekamhaug hos Stortinget
Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Folk frå Molde