77 var eit normalår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen. I Romarriket var det kjend som året då Augustus og Vespasianus var konsular (eller sjeldnare, år 830 ab urbe condita).
Hendingar Asia Giru av Baekje blei ny konge av Baekje i Korea.
Europa Gnaeus Julius Agricola blei guvernør for den romerske provinsen Britannia. Han utvida romersk herredøme til elva Clyde i noverande Skottland, og bygde festningsverk. Ein eskadron han sende nordover oppdaga Orknøyane og Shetland for romarane. I Skottland organiserte kaledonarane seg i ein krigarkonføderasjon leia av Calgacus. Ordovikarane i dagens Wales blei overvunne av romarane og flykta til Anglesey, der dei blei innhenta og erobra om vinteren. Første band av Naturalis historia av Plinius den eldre blei gjeve ut.
Fødde
Døde Kong Daru av Baekje
als:70er#Johr 77