Gunnar Adolf Gundersen () er ein norsk politikar frå Høgre. Han vart vald inn på Stortinget frå Hedmark i 2005.

Gundersen er utdanna økonom frå University of Wisconsin, Madison (1975–1979) med fordjuping i skogbruksøkonomi frå University of California, Berkeley (1981–1982). Han har arbeidd som forskingsassistent ved Institutt for skogøkonomi, NLH, administrerande direktør i Kappa Rena (1993–1997) og dagleg leiar i Åsnes næringshage. Han har også vore styreleiar i Norskog (1990–1994), Losby Bruk og Skogbrand.

Gundersen var leiar i Hedmark Høgre 2004–2006, og medlem av Åsnes kommunestyre 2003–2005.

Han dreiv tidlegare med symjing, har vunne norske og nordiske meisterskap og deltok i dei olympiske leikane 1976.

Stortingskomitear 2005–2009: Medlem i Kirke-, utdannings- og forskingskomiteen 2009–2013: Medlem i Finanskomiteen

Bakgrunnsstoff

Høgre - Biografi

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Norske økonomar Kategori:Norske symjarar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Symjarar under sommar-OL 1976 Kategori:Folk frå Åsnes