Tord André Lien () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet frå Øksnes i Nordland. Frå 2005 til 2013 var Lien representant på Stortinget, dinest blei han olje- og energiminister i regjeringa Solberg 2013–2016. Sidan mai 2024 har Lien vore tilsett som direktør for eksterne relasjonar i TrønderEnergi.
Liv og virke Bakgrunn Tord André Lien har studert historie og statsvitskap og er cand.philol. frå NTNU 2003. Han leidde eit team som dreiv med møtebooking via telefon i Norsk Privatøkonomi frå 2003.
Frå 2003 til 2005 leidde han Sør-Trøndelag volleyballkrets. Han har også vore volleyballtrenar.
I 1995 blei Lien dømd til 35 dagars fengsel for overskriding av ei fartsgrense på vått føre som ende med ein bilulykke med ein motorsykkel.
Politisk karriere Lien var medlem av Trondheim bystyre 2003–2005, leiar av Trondheim FpU 1997–1999 og Trondheim FrP 1999–2003 og 2008-2009. Han hadde fast plass på Stortinget for Sør-Trøndelag fylke frå 2005 til 2013. Lien var olje- og energiminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 20. desember 2016.
Stortingskomitear 2005–2009: medlem i energi- og miljøkomiteen 2009–2013: andre nestleiar i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
Andre yrke Frå januar 2017 til desember 2022 var Lien tilsett som regiondirektør for NHO i Trøndelag.
Den 1. mai 2024 blei Lien tilsett som direktør for eksterne relasjonar i TrønderEnergi.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Framstegspartiet - Biografi
Kategori:Norske olje- og energiministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Frp-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:FrP-politikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Norske militærhistorikarar Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Folk frå Øksnes