Geir-Ketil Hansen () er ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti. Han sat på Stortinget frå Nordland fylke frå 2001 til 2005 og vart vald inn att ved stortingsvalet 2009. Han var vararepresentant i periodane 1989–93 og 2005–09. Det siste halve året av sistnemnde periode møtte han fast for Åsa Elvik.
Hansen var medlem av Narvik formannskap frå 1979 til 1987 og av Nordland fylkesting frå 1995 til 1999. Frå 2005 til 2009 var han fylkesråd for økonomi i Nordland og frå 2007 fylkesråd for kultur og miljø, i tillegg til nestleiar i fylkesrådet.
Frå 2006 til 2009 var han medlem av Riksrevisjonen.
Stortingets presidentskap 2001-05: første varapresident i Odelstinget
Stortingskomitear 2001-05: andre nestleiar i samferdselskomiteen 2005–09: medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen frå 30. mars 2009 og ut perioden 2009–: medlem av helse- og omsorgskomiteen
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Folk frå Narvik