Levon Patsjadzjan () er ein armensk fotballspelar som har spela på midtbanen for Sanat Naft i den iranske fotballigaen, og for det armenske landslaget.

Patsjadzjan vart seriemeister i Armenia med Pjunik i fem år på rad, frå 2003 til 2007. I 2007 vart han kåra til årets armenske fotballspelar. I 2008 gjekk han over til den svenske klubben GAIS, i Göteborg. I 2009-sesongen var han på lån hjå Fredrikstad i den norske Tippeligaen, der han spelte fem kampar. Same året sa GAIS opp kontrakten hans, og han drog til iransk fotball.

Patsjadzjan debuterte for A-landslaget 18. februar 2004 i ein privatlandskamp mot Ungarn. Han skåra det første landslagsmålet sitt 28. mai 2008 i ein privatlandskamp mot Moldova.

Kategori:Armenske fotballspelarar Kategori:GAIS-spelarar Kategori:Fredrikstad-spelarar