Hans Frode Kielland Asmyhr () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han er oppvaksen i Sørum kommune og vart vald inn på Stortinget frå Akershus fylke under 2005 og vald på nytt under 2009.
Asmyhr er cand.jur. frå UiO (1998), og har arbeidd som politisk rådgjevar og sekretariatsleiar for stortingsgruppa til FrP frå 1998-2005.
Han er medlem av Sørum kommunestyre frå 1995 og medlem av Akershus fylkesting frå 1995, medlem av fylkesutvalet frå 2003. Han var formann i Sørum FrP 1995-98 og er fylkesleiar sidan 2002.
Stortingskomitear 2005–2009 medlem av Næringskomiteen og Valkomiteen. 2009–2013 medlem av Justiskomiteen
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi Framstegspartiet - Biografi
Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Folk frå Sørum