Ciprian Andrei Marica () er ein rumensk fotballspelar, som spelar for Schalke 04 i tysk Bundesliga, og for det rumenske landslaget.

Marica vart seriemeister i Romania med Dinamo Bucureşti i 2002 og 2004, og i Ukraina med Sjakhtar Donetsk i 2005 og 2006. I 2007 kjøpte Stuttgart han for om lag 8 millionar euro, det meste dei nokon gong hadde betalt for ein spelar.

Marica debuterte for Romania sitt A-landslag 16. november 2003 i ein kamp mot Italia, og skåra det første landslagsmålet i ein VM-kvalifiseringskamp mot Armenia 17. november 2004. Han var med i Romania sin tropp til fotball-EM i 2008, men spelte ingen av kampane.

Kategori:Rumenske fotballspelarar Kategori:Dinamo Bucuresti-spelarar Kategori:Sjakhtar Donetsk-spelarar Kategori:Stuttgart-spelarar Kategori:Schalke-spelarar