Konstantin II , (gresk Κωνσταντίνος Β') () var prins av Danmark, tronpretendent av Hellas og hertug av Spártis og konge av Hellas frå 1964 til monarkiet vart avskaffa av den greske militærjuntaen 1. juni 1974.
Han var berre 24 år gammal då han vart konge, men hadde klåre politiske ambisjonar om å vere ein konge med makt og innverknad. Dette førte han opp i fleire konfliktar med dei folkevalde politikarane. Same år som han vart konge, gifta han seg med kusina si, den 18 år gamle prinsesse Anne-Marie av Danmark. Dei fekk etter kvart fem born. Våren 1967 gjorde ein militærjunta statskupp i Hellas, og avsette regjeringa. I desember same året gjorde kongen eit forsøk på motkupp, men dette vart mislukka. Kuppforsøket var dårleg planlagt og hjelpelaust gjennomført. Kongefamilien flykta til Roma, og har sidan levt i eksil, det meste av tida i London.
Som ung vann kronprins Konstantin gull i drakebåtsegling under sommar-OL 1960. Han var òg ein god symjar og hadde svart belte i karate.Monarchs In Waiting, s.39-41.
Kong Konstantin II vart i 1964 tildelt storkors med kjede av St. Olavs Orden. Han er òg riddar av Elefantordenen og er tildelt Dannebrogordenen.
Ekteskap og barn I 1963 vart han offisielt trulova med prinsesse Anne-Marie av Danmark. Dei gifta seg 18. september 1964 i Aten, og Anne-Marie vart dronning av Hellas. Saman hadde dei fem born: Prinsesse Alexia av Hellas og Danmark (fødd 10. juli 1965) Kronprins Pavlos av Hellas (fødd 20. mai 1967) Prins Nikolaos av Hellas og Danmark [fødd 1. oktober 1969) Prinsesse Theodora av Hellas og Danmark (fødd 9. juni 1983) Prins Philippos av Hellas og Danmark (fødd 26. april 1986)
Olympiske medaljar Sommar-OL 1960 Hellas Gull i drakebåtsegling
Titlar, tiltaleformer, dekorasjonar og våpenskjold Titlar og tiltaleformer 1940–1947: Høgvørde prins Konstantin av Hellas og Danmark 1947–1963: Høgvørde jronprins Konstantin av Hellas, prins av Danmark, hertug av Spártis 1963–1973: Hans majestet kongen av hellenarane, prins av Danmark 1973–2023: Hans majestet kong Konstantin II av Hellas, prins av Danmark
I Hellas vert han omtala som den tidlegare kongen (ο τέως βασιλιάς) eller Glücksburg (o Γκλύξμπουργκ). Av greske royalistar vert han omtala som kongen (ο βασιλιάς). Han vert òg omtala som Kokós (Κοκός), ein kortform av namnet Konstantin, som har vorte brukt sida regjeringstida hans.
Av di han stammer frå kong Kristian IX av Danmark har han tittelen Prins av Danmark.
Kjelder Fotnotar
Denne artikkelen bygger på «Constantine II of Greece» frå , den 18. september 2010.
Bakgrunnsstoff
Biografi i The Greek Royal family Nekrolog i DR. Nekrolog i The Guardian.
Kategori:Greske prinsar Kategori:Danske prinsar Kategori:Greske kronprinsar Kategori:Greske kongar Kategori:Prinsar av Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg Kategori:Tronpretendentar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Kongelege OL-deltakarar Kategori:Elefantordenen Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Frelsar-ordenen Kategori:Greske regentar Kategori:Greske monarkar