Steinar Gullvåg () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Vestfold fylke i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009.

Gullvåg tok Ringve gymnas i åra 1960–1965, og var deretter journalistlærling i Arbeider-avisa i åra 1967–1969. Han har tidlegare arbeidd som journalist i Vestfold Arbeiderblad og politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet og i Kommunal- og arbeidsdepartementet. Han har også vore informasjonsdirektør i Vegdirektoratet.

Stortingskomitear 2005–09: medlem i næringskomiteen 2009–: medlem i arbeids- og sosialkomiteen og valkomiteen

Bibliografi Arbeiderbevegelsens valghåndbok (red.), Tiden, Oslo 1983 Arbeiderbevegelsens valghåndbok (red.), Tiden, Oslo 1985 Tekster fra Løvebakken, Tiden, Oslo 1985

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Folk frå Trondheim