Nikolai Eivindssøn Astrup () er ein norsk politikar frå Høgre. Han var digitaliseringsminister i regjeringa Solberg frå 22. januar 2019, og kommunal- og moderniseringsminister frå 24. januar 2020. Før dette var han utviklingsminister i den same regjeringa.

Han har vore vald inn på Stortinget frå Oslo sidan 2009, og er også nestleiar i Oslo Høgre frå 2008. Astrup er medlem i Stortingets energi- og miljøkomité, og er Høgres talsmann for desse sakene. Han er dessutan engasjert i EU-saka, og er leiar i Høgres EU-utval.

Bakgrunn Astrup er son av forretningsmannen Eivind Astrup (fødd 1945) og Vibeke Mortensen (fødd 1947), og ber namnet til faren som patronymikon. Nikolai Astrup gjekk ved Voksen skole 1985–1991 og Hovseter ungdomsskole 1991–1994. Han gjekk på skole i Sveits 1994–1995, og gjekk deretter IB ved Berg VGS 1995–1997. Han har bachelor i internasjonale forhold frå 2000, og master i europeisk politikk og styring frå 2005, begge frå London School of Economics and Political Science.

Astrup var praktikant hjå Verdsorganisasjonen for helse i 1999, var konsulent i strategi og forretningsutvikling hjå Arkwright 2000–2002, og var vitskapleg assistent ved London School of Economics and Political Science 2005–2006. Ansvarleg redaktør i tidsskriftet Minerva 2001–2008.

Politisk karriere Astrup var leiar i Oslo Unge Høgre 2002–2004, og som leiar der skreiv han boka Velferd etter velferdsstaten saman med Torbjørn Røe Isaksen i 2004. Medlem av Studentparlamentet i Oslo 2002–2003. Politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Høgre 2006–2008, i tillegg til ein periode som byrådssekretær for dåverande byrådsleiar Erling Lae

Astrup har mellom anna markert seg i debatten rundt norsk narkotikapolitikk. I 2003 foreslo han at Noreg skulle dele ut heroin til 600 narkomane i Oslo, etter modell frå me.a. Nederland og Sveits.«Unge Høyre-leder – vil ha gratis heroin», Verdens Gang, 28. april 2003 Av argumenta til Astrup var at dette kunne føre til ein nedgang i prostitusjonen i Oslo,«Oslo Unge Venstre oppfordrer prostituerte – Flytt til Karl Johan!», Aftenposten Aften, 23. februar 2004«Dobbeltmoralsk», Dagsavisen, 19. februar 2004 og at det var liten eller ingen forskjell på å dele ut heroin og metadon. Astrup har også gått inn for å endre sosialtenesteloven slik at ein kan yte sosialhjelp i heimkommunen til ein person, for å unngå tilstrømming av narkomane til Oslo.«Vil sende narkomane hjem», Verdens Gang, 6. oktober 2002

Astrup vart nestleiar i Oslo Høgre i 2008, og same år også leiar i Høgres EU-utval. Han var 4. vararepresentant til Stortinget 2005–2009, men vart i 2009 nominert som 4. kandidaten til Høgre, og vart vald inn på fast mandat. Dette skjedde etter ein høvesvis mykje omtalt nominasjonsrunde der Inge Lønning i tur tapte ny nominasjon mot Michael Tetzschner på 3. plass og Astrup på 4. plass. Ein annan utfordrar til plassen Astrup har på lista var Afshan Rafiq.

På Stortinget er Astrup, forutan å vere medlem av Energi- og miljøkomiteen og talsmannen til partiet for desse sakene, varamedlem av Stortingets delegasjon til parlamentarikarkomiteane i EFTA og EØS.

Stortingskomitear 2009–2013 medlem i Energi- og miljøkomiteen

Referansar

Bakgrunnsstoff

Nikolai Astrup hos Høgre

Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Politikarar frå Oslo