Thomas-François Dalibard () var ein fransk fysikar.

Han møtte Benjamin Franklin i 1767 under ei av reisene til Franklin i Frankrike, og det vert sagt at dei vart vener.

I 1750 publiserte Franklin eit forslag til eit eksperiment for å avgjere om det fanst elektrisitet i lyn. Han foreslo å strekkje ein leiar inn i ei sky som såg ut til å kunne gje torevêr. Om det fanst elektrisitet i skya, ville leiaren kunne dra dette ut frå ho.

Elektrisitetseksperiment Dalibard omsette forslaget til Franklin til fransk og i mai 1752 utførte han eksperimentet med hjelp av ei 13 meter høg metallstang ved Marly-la-Ville. Det vert sagt at Dalibard nytta vinflasker for å jorde stange, og han klarte å trekkje ut elektrisitet frå ei låg sky. Det er ikkje kjend om Franklin sjølv utførte dette eksperimentet.http://www.mos.org/sln/toe/kite.htmlhttp://www.amazon.com/Bolt-Fate-Benjamin-Franklin-Electric/dp/1891620703

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thomas-François Dalibard» frå , den 23. september 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Franske fysikarar