Kontinentaldrift eller kontinentdrift er teorien omkring dei langsame rørslene i jordskorpa. Den moderne forståinga vart utarbeidd på 1960-talet, men teorien har røter langt tilbake. To av forløparane til denne teorien er teorien om kontinental drift og havbotnspreiing.

Teorien til Wegener mini|Wegners si eiga rekonstruksjon av kontinentaldrift, 1929. I 1912 lanserte den tyske geofysikaren Alfred Wegener teorien om kontinentaldrift. Denne teorien gjekk ut på at alle kontinenta ein gong hadde vore samla i eitt kjempekontinent, Pangaea, og ifølgje Wegener «sprakk» dette områdde opp for 200 millionar år sidan, slik at kontinenta dreiv frå kvarandre.

Litosfæren består av ulike plater som grensar til kvarandre i ulike plategrenser. Kontinentalplater utgjer kontinent og tørt land. Havbotnplater (oceanplater) utgjer havbotn.

Dei ulike grensene blir identifisert ved måling av jordskjelvaktivitet, og blir delt inn i divergerande, konvergerande og transforme grenser. Havbotnspreiing skjer langs divergerande grenser, eller midthavsryggar, der det blir danna ny havbotn. Konvergerande plategrenser oppstår der to eller fleire plater kolliderer. Ved kollisjon mellom kontinentalplater vil det byggjast fjellkjeder (orogenese), ved kollisjon mellom havbotnsplate og kontinentalplate vil havbotnsplata bli pressa under kontinentalplaten på grunn av den ulike oppbygginga og eigenvekta til platene. Dette blir kalla ei subduksjonssone. Den nedadgående (subderte) plata vil etter kvart bli pressa så djupt ned at smelting byrjar. Smelta material stig til overflata, og dannar ein vulkanboge. Ved kollisjon mellom to havbotnsplater vil den eldste (den kaldaste) plata bli pressa under den yngste, og øybogar vil dannast av vulkansk aktivitet.

Sjå òg Isostasi Platetektonikk

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kontinentaldrift» frå , den 25. september 2010.

Kategori:Platetektonikk Kategori:Den geologiske historia til jorda

sv:Kontinentaldrift da:Kontinentaldrift ar:نظرية الانجراف القاري bn:মহাদেশীয় প্রবাহ br:Dilec'hiadur ar c'hevandiroù bg:Континентален дрейф ca:Deriva dels continents cs:Kontinentální drift de:Kontinentaldrift et:Mandrite triiv el:Θεωρία μετατόπισης ηπείρων en:Continental drift es:Deriva continental eo:Kontinenta drivo eu:Kontinenteen jitoa fo:Meginlandarák gl:Deriva continental ko:대륙 이동설 hr:Pomicanje kontinenata id:Pergeseran Benua it:Deriva dei continenti he:נדידת היבשות ht:Deriv kontinan lt:Kontinentų dreifo teorija ms:Teori hanyutan benua nl:Continentverschuiving ja:大陸移動説 pl:Wędrówka kontynentów pt:Deriva continental ru:Теория дрейфа материков simple:Continental drift sk:Pohyb kontinentov sr:Померање континената fi:Mannerliikunnot ta:கண்டப்பெயர்ச்சி th:การเลื่อนไหลของทวีป vi:Trôi dạt lục địa zh:大陆漂移学说