Kylie Minogue er det femte studioalbumet til den australske songaren Kylie Minogue. Det kom ut i september 1994. Albumet vart først gjeve ut av Deconstruction Records i store dele av verda, og av Mushroom Records i Australia og New Zealand.
Utgjeving og listeplasseringar Albumet var den første utgjevinga til Minogue utan produsentane Stock, Aitken og Waterman. I eit forsøk på å utvikle seg sjølv som artist, tok ho ei aktiv rolle i utgjevinga av albumet, og henta inn fleire partnarar. Ifølgje ein av låtskrivarane og produsentane har albumet selt 2 millionar eksemplar verda over, medan den offisielle nettsida seier at albumet selde 500 000 eksemplar på verdsbasis.
Kylie Minogue nådde nummer tre i heimlandet Australia og vart sertifisert til platina. Albumet nådde fjerdeplassen i Storbritannia og nummer trettini i Sverige.
Singlar «Confide in Me» var den første singelen frå albumet, og vart ein av mest suksessfulle utgjevingar til Minogue. Songen låg på førsteplass i fire veker i Australia og nådde andreplass på UK Singles Chart.
Den andre singelen «Put Yourself in My Place» nådde nummer elleve i både Australia og Storbritannia. Songen inneheldt ein populær musikkvideo kor Minogue gjenskapte ein sekvens frå Jane Fonda-filmen Barbarella (1968), der ho utfører ein langsom striptease.
«Where Is the Feeling?» vart den tredje singelen frå albumet. Songen nådde nummer 16 i Storbritannia og nummer 31 i Australia.
Sporliste
Medverkande
Kylie Minogue – vokal Greg Bone – gitar Steve Anderson – piano, produsent Brothers in Rhythm – produsent Dancin' Danny D – produsent, remiksing Gerry DeVeaux – produsent Jimmy Harry – produsent Pete Heller – produsent M People – produsent Paul Masterson – produsent, remiksing Ronin – produsent, remiksing Saint Etienne – produsent Dave Seaman – produsent John Waddell – produsent Justin Warfield – produsent, remiksing
Wil Malone – strenge arrangement Richard Niles – strenge arrangement, orkestrale arrangement Andy Bradfield – lydteknikar Tim Bran – lydteknikar, assistent produsent Ian Catt – lydteknikar Doug DeAngelis – lydteknikar, miksing Terry Farley – lydteknikar Paul West – lydteknikar, miksing Gary Wilkinson – lydteknikar Paul Wright III – lydteknikar, miksing Niall Flynn – lydteknikar assistent Paul Anthony Taylor – programmering Katie Grand – stilist Rankin – fotografi
Topplisteplasseingar Toppliste (1994)ListeplasseringAustralia (ARIA Charts)3Tyskland (Media Control Charts)78Japan (Oricon)54Sverige (Sverigetopplistan)39Sveits (Schweizer Hitparade)33Storbritannia (UK Albums Chart)4
Sertifisering LandSertifiseringSalAustralia (ARIA)Gull35 000Storbritannia (BPI)Gull100 000
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kylie Minogue (album)» frå , den 25. september 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Minogue Albumet Kylie Minogue på Allmusic
Kategori:Musikkalbum frå 1994 Kategori:Kylie Minogue-album