__NOTOC__ Enkjer er ein biologisk familie, Viduidae, av 20 artar små sporvefuglar, alle endemiske for Afrika.

Desse finkeliknande artane har ei fjørdrakt som vanlegvis er dominert av svart eller indigo. Hannar av ni av artane har lang eller særs lang hale i praktdrakta.

Alle enkjer er reirparasittar som legg egga sine i fuglereira til artar av astrildar. Dei fleste brukar amarantar som vertar, medan somme vel pytilias-astrildar. I motsetnad til gauken, øydelegg ikkje enkjer egga til verten. Vanlegvis legg dei 2-4 egg i tillegg til dei som allereie er i reiret. Egga av både vert og offeret er kvite, sjølv om enkjeegga er litt større.

Mange av artane der hannar er utan lang hale er mykje like i utsjånad. Hannane er vanskelege å skilje i felt, og ungfuglar og hofuglar nær umoglege. Den beste rettleiinga er ofte astrildarten som dei er knytt til, sidan kvar art av enkjer parasitterer ein bestemt vertsart. Til dømes vil landsbyenkje vanlegvis parasittere raudnebbamarant. Enkjer imiterer verten sin song, songen lærer hannane i reiret. Sjølv om hoer ikkje syng, lærer dei òg å kjenne att songen, vel hannar med same song, og vidarefører dermed koplinga mellom enkjeart og astrildart. Ungar av enkjer etterliknar vertsungane sin måte å gape på.

Tilpassing til vertsfuglen er drivkrafta bak artsdanning i denne familien, men den nære genetiske og morfologiske likskapen mellom artane i enkjefamilien tyder på at dei er av nyare opphav.

Artar mini|høgre|Paradisenkje, Vidua paradisaea Enkjer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Slekt Vidua Dominikanarenkje, Vidua macroura, Pin-tailed Whydah, Pallas, 1764 Storhaleenkje, Vidua orientalis, Northern Paradise-Whydah, Heuglin, 1870 Langhaleenkje, Vidua interjecta, Long-tailed Paradise-Whydah, Grote, 1922 Drageenkje, Vidua togoensis, Togo Paradise-Whydah, Grote, 1923 Breihaleenkje, Vidua obtusa, Broad-tailed Paradise-Whydah, Chapin, 1922 Paradisenkje, Vidua paradisaea, Eastern Paradise-Whydah, Linné, 1758 Stålenkje, Vidua hypocherina, Steel-blue Whydah, Verreaux & Verreaux, 1856 Stråhaleenkje, Vidua fischeri, Straw-tailed Whydah, Reichenow, 1882 Spydhaleenkje, Vidua regia, Shaft-tailed Whydah, Linné, 1766 Landsbyenkje, Vidua chalybeata, Village Indigobird, Müller, 1776 Savanneenkje, Vidua wilsoni, Pale-winged Indigobird, Hartert, 1901 Nigeriaenkje, Vidua nigeriae, Quailfinch Indigobird, Alexander, 1908 Josenkje, Vidua maryae, Jos Plateau Indigobird, Payne, 1982 Grønglansenkje, Vidua raricola, Jambandu Indigobird, Payne, 1982 Hausaenkje, Vidua larvaticola, Baka Indigobird, Payne, 1982 Guineaenke, Vidua camerunensis, Cameroon Indigobird, Grote, 1922 Sørgjeenkje, Vidua funerea, Variable Indigobird, Tarragon, 1847 Purpurglansenkje, Vidua purpurascens, Purple Indigobird, Reichenow, 1883 Svartvengenkje, Vidua codringtoni, Green Indigobird, Neave, 1907

Slekt Anomalospiza Gaukvevar, Anomalospiza imberbis, Parasitic Weaver, Cabanis, 1868

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Viduidae» frå , den 26. september 2010. Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sporvefuglar