Fredrik Anton Martin Olsen Nalum () var ein lærar, gardbrukar og Venstre-politikar frå Brunlanes.
Martin Olsen Nalum var fødd på garden Tanum i Brunlanes, faren var gardbrukar og kyrkjesongar. Sjølv vart han utdanna ved Asker seminar der han tok eksamen i 1872. Same året vart han tilsett som lærer i Brunlanes, noko han var heilt fram til og med 1909. I 1881 kjøpte han garden Nalum i Brunlanes og dreiv denne i 49 år. Han var medlem av heradsstyret frå 1883, ordførar 1892-1916. Vidare var han formann i amtsskulestyret og i tilsynsnemnda for jarnbanen, frå 1912 til -22 styremedlem i statsbanene (NSB).
Nalum var 1906-24 stortingsrepresentant for Venstre, vald frå Brunla krins fram til 1918. Periodane 1919-21 og 1922-24 var han vald frå Jarlsberg og Larviks amt. Han var 1906-12 medlem av vegkomiteen, frå 1913 sekretær, nestformann og til sist formann i same. Elles var han mellom anna medlem av valkomiteen 1910-18. Nalum var arbeidsminister 1916-20 i Gunnar Knudsens andre regjering og kyrkje- og undervisningsminister 1921-23 i Otto Albert Blehrs andre regjering.
Nalum døydde i Hedrum.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff Martin Olsen Nalum i Norsk biografisk leksikon
Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Norske arbeidsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Knudsen II Kategori:Statsrådar i Regjeringa Blehr II Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Ordførarar i Brunlanes Kategori:Venstreordførarar i Vestfold Kategori:Folk frå Larvik