Snabeldyr (Proboscidea) er ein orden som omfattar éin nolevande familie, Elephantidae, og fleire utdøydde familiar, Gomphotheriidae (ein underfamilie av Elephantoidea), kanskje Stegodontidae (avhengig av plasseringa av Stegodon) og Mammutidae. Elephantidae omfattar tre levande elfeantartar (afrikansk steppeelefant, afrikansk skogelefant og asiatisk elefant) og dei no utdøydde mammut-artane av slekta Mammuthus frå Eurasia og Nord-Amerika. Mot slutten av den siste istida fanst det òg fleire artar gomphotheriidae i Mellom- og Sør-Amerika, fleire stegodonar i delar av Asia, og den amerikanske mastodonten frå familien Mammutidae i Nord-Amerika.

Lenger attende i tida, under neogen, fanst òg familiane Platybelodon og Amebelodon. Det eldste kjende snabeldyret er EritheriumProceedings of the National Academy of Sciences, DOI:10.1073/pnas.0900251106, følgd av Phosphatherium, begge frå paleocen-lag i Marokko. Frå eocen-tida er det kjend fleire svært primitive snabeldyr, mellom anna dei afrikanske Numidotherium, Barytherium og Moeritherium, og Anthracobunidae frå det indiske subkontinentet.

Snabeldyra kan oppsummerast slik: Proboscidea Elephantidae Elephas (asiatisk) Elephas maximus Elephas maximus maximus Elephas maximus indicus Elephas maximus sumatranus Loxodonta (afrikansk) Loxodonta africana Loxodonta cyclotis

Familiar

Nolevande Elephantidae Overlevde til sein pleistocen: †Gomphotheriidae †Mammutidae †Stegodontidae

Utrydda tidlegare: †Amebelodontidae †Anthracobunidae †Barytheriidae †Choerolophodontidae †Deinotheriidae †Gnathabelodontidae †Hemimastodontidae †Moeritheriidae †Numidotheriidae †Palaeomastodontidae

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pattedyr