Ytstetinden eller Ystetinden er eit fjell i Vestnes kommune. Fjellet ruvar over nordsida av Skorgedalen, og dannar ein karakteristisk dobbelttopp saman med den vestlege grannen Trolltinden. På andre sida av desse toppane ligg Tomrefjorden. Toppen av Ytstetinden er lett å nå både frå sørsida og frå nordsida. Ytstetinden er 1162 moh.

Ystetinden messingkvintett mini|venstre|Logo for Ystetinden messingkvintett teikna av André M. Reite. Ystetinden messingkvintett er eit hornensemble som spelar ein årleg konsert på Ystetinden til inntekt for gode føremål. Gruppa blei skipa av ei gruppe venninner som alle hadde musikalsk bakgrunn, men ikkje kunne spela messinginstrument.

I 2016 spelte kvintetten for 101 toppturdeltakarar, og gav inntekta til Tresfjord Røde Kors.

Kjelder

Bilete

Kategori:Geografi i Vestnes Kategori:Fjell i Romsdal