Eidsvåg er eit bustadområde og ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 2710 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Eidsvåg ligg sørvest i Åsane, ved Byfjorden og den gamle kommunegrensa til Bergen, som no er grensa til Bergenhus bydel. Kommunesenteret i gamle Åsane kommune låg i Eidsvåg.
Frå 1896 til 1972 var tekstilfabrikken Eidsvåg Fabrikker i drift her. Folketalet i området auka gradvis grunna dette og passerte 1000 rundt 1945. Det meste av området til den gamle matrikkelgarden er no bustadområde. Her ligg Eidsvåg barne- og ungdomsskule og Eidsvåg kyrkje, frå 1982.
Jordbruksaktiviteten i Eidsvåg avtok etter den andre verdskrigen og tok endeleg slutt omkring 1970.
Kjelder Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 22-47
kategori:gardar i Åsane