Ernest Renan () var ein fransk filosof som blei svært berømt for boka si Vie de Jésus (Jesu liv) frå 1863.

Jesu liv var svært omstridd i si tid fordi han behandla Bibelen som ei kvar historisk kjelde og gjorde boka til gjenstand for same kritiske gransking som andre historiske kjelder. Dette forarga Den katolske kyrkja. I dag er Renan meir berømt for definisjonen sin av nasjon, som han la fram i boka ”Qu'est-ce qu'une nation?” i 1882. Der kritiserer han tyske definisjonar som la vekt på utsjånad og språk som kriterium. I staden framhevar han viljen til å leva saman. Emnet var aktuelt for Renan sidan han budde i Alsace-Lorraine, der det var konflikt om nasjonal tilhøyrsle. Renan meinte at nasjonen eksisterte ved at den vart fortløpande godkjend av borgarane.

Kategori:franske filosofar Kategori:filosofar frå 1800-talet