Mötley Crüe er eit USA-amerikansk glam metal-band som vart skipa i Los Angeles, California i 1981.
Bandet vert ofte kategorisert innan genren hair metal. Namnet Mötley Crüe kjem av at ein ven av Mick Mars (som då spelte i bandet White Horse) sa «What a motley looking crew». Bandet vart raskt populært med låtar som «Home Sweet Home» og «Looks That Kill». Dei er også kjende for sitt lettsindige forhold til alkohol og narkotika.
Gruppa vart frå starten sett saman av vokalist Vince Neil, vokalist og bassist Nikki Sixx, trommeslagar Tommy Lee, og gitarist Mick Mars. I 1992 forlét Neil bandet og John Corabi vart ny vokalist. I 1997 kom Neil tilbake til bandet.
Diskografi 1981 - Too Fast for Love 1983 - Shout at the Devil 1985 - Theater of Pain 1987 - Girls, Girls, Girls 1989 - Dr. Feelgood 1991 - Decade of Decadence 1991 - Best of 1981-1991 1994 - Mötley Crüe 1997 - Generation Swine 1997 - Best of 1981-1997 1998 - Greatest Hits 1999 - Live: Entertainment or Death 2000 - New Tattoo 2005 - Red White and Crüe 2008 - Saints of Los Angeles
Kjelde Denne artikkelen bygger på «Mötley Crüe» frå , den 10. oktober 2010.
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside
Kategori:Glam metall-grupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1981 Kategori:USA-amerikanske rockegrupper Kategori:Hollywood Walk of Fame