Kevin Daniel Kelley () var ein amerikansk trommeslagar som er mest kjend som medlem av The Byrds og The Rising Sons. Kelley spelte òg trommer for Fever Tree, men det er ukjend om han var offisielt medlem her eller ikkje. I tillegg arbeidde han som studiomusikar mellom 1969 og 1973 og spelte trommer på albuma til artistar som John Fahey og Phil Ochs. Det ser ut til at han trekte seg attende frå musikkindustrien etter å ha spelt trommer på Michael Cohen sitt album What Did You Expect? i 1973. Kelley er syskenbornet til countryrock-pioner og The Byrds- og The Flying Burrito Brothers-medlemmet Chris Hillman.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kevin Kelley (musician)» frå , den 16. oktober 2010.
Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar Kategori:USA-amerikanske countryrockartistar Kategori:The Byrds-medlemmer Kategori:Folk frå California