Nils Yngvar Ustvedt () var ein norsk lege og Høgre-politikar frå Vestre Aker (i dagens Oslo). Hans Jacob Ustvedt var sonen hans.
Ustvedt var son av ein teglverksdisponent. Sjølv vart han student i 1886, cand. med. i 1892 og dr. med. i 1900. Han var reservelege 1894-96 ved Ullevål epidemisjukehus, assistent 1896-98 ved universitetets hygieniske institutt. Frå 1898 var han sunnhetsinspektør i Kristiania med ansvar for epidemiske, tuberkuløse og veneriske sjukdomar. Frå 1909 var han også lærar i skulehygiene ved universitetets pedagogiske seminar.
Ustvedt sitt spesialfelt var epidemiologi, og han føretok fleire studiereiser i Europa, Tyskland og Italia, frå 1894 av. I 1901-02 reiste han til India for å lære meir om pest og kolera.
Ustvedt var aktiv Høgre-politikar, og var leiar for Den konservative Forening i Christiania (Oslo Høgre) frå 1908 til -10. Frå 1908-12 var han også medlem av sentralstyret i Høgre. Han sat i Kristiania bystyre i tida 1898-1904. Ustvedt var stortingsrepresentant 1913-15 for Uranienborg krins, medlem av budsjettkomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Vitskapleg tilsette ved Universitetet i Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Høgrepolitikarar i Oslo Kategori:Norske legar Kategori:Politikarar frå Oslo