Symfoni nr. 15 i D-dur av Joseph Haydn, Hoboken I/15, kan ha vorte skriven mellom 1760 og 1763.H. C. Robbins Landon, The Symphonies of Joseph Haydn. London: Universal Edition & Rockliff (1955): 637
Han er instrumentert for 2 oboar, fagott, 2 valthorn, strykarar og continuo, med ein solo for to bratsjar eller cello i trioen i menuetten.Landon (1955): 637. Denne symfonien har fire satsar:
Adagio, 3/4 - Presto, 4/4 - Adagio, 3/4 Menuet e Trio, med trioen i G-dur, begge 3/4 Andante i G-dur, 2/4 Presto, 3/8
Opningssatsen har to adagiostykke rundt ein sentral Presto, på liknande vis som er gjort i den sjette symfonien hans.Brown, A. Peter, The Symphonic Repertoire (Volume 2). Indiana University Press (ISBN 025333487X), s. 77-78 (2002).
Dette verket er ein av få symfoniar i klassisismen der menuetten er plassert som andre sats. G-dur-trioen vart truleg spelt som ein kvintett der ein fokuserte på ein dialog mellom fiolin I/fiolin II og bratsj/cello spelt over ein bass.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 15 (Haydn)» frå , den 21. oktober 2010.
Symfoni 015 Kategori:Musikk i 1760-åra