Høgskolen i Gjøvik (HiG) var ein norsk høgskule etablert [1. august 1994 og nedlagd i 2015. Frå 1. januar 2016 er HiG, Høgskolen i Ålesund, Høgskolen i Sør-Trøndelag og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) organisert som ett universitet under navnet Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet.Regjeringens omtale av fusjonen, Kgl. res. 19. juni 2015 NTNU i Gjøvik er en direkte videreføring av HiG.

Høgskulen hadde i 2015 omkring 2600 studentar og 280 tilsette. Høgskolen var eit resultat av at to statlege høgskolar på Gjøvik vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994. Dei to samanslåtte skolane var Gjøvik ingeniørhøgskole og Sykepleierhøgskolen i Oppland. Skolen låg på Kallerud, ca. ein kilometer sørvest for Gjøvik sentrum. Dette er no ein campus ved NTNU i Gjøvik.

Høgskolen hadde fag- og profesjonsstudium innan helse, IT, teknologi, media, økonomi og leiing. Desse kunne takast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar og enkelte doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Høgskolen tilbaud internasjonalisering av studiar. Det var mogleg å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ein kunne halde fram med utdanninga i utlandet etter enda studiar på HiG.

Høgskolen sine tre avdelingar var: Avdeling for helse, omsorg og sjukepleie Avdeling for informatikk og medieteknikk Avdeling for teknologi, økonomi og leiing (tidl. Avdeling for ingeniørfag)

Sommaren 2015 vedtok Kunnskapsdepartementet at HiG skulle slå seg saman med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Sør-Trøndelag til eitt universitet, med namnet Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).NTNU vil fusjonere med HiST og to andre høgskoler Fusjonen kom i kraft frå 1. januar 2016.

Sjå òg Studentsamskipnaden i Oppland Gstud – Gjøvik studentsamfunn Nordbyen studenthjem Biblioteket - Høgskolen i Gjøvik

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Høgskolen i Gjøvik» frå , den 21. oktober 2010.

Bakgrunnsstoff Høgskolen i Gjøvik

Kategori:Gjøvik kommune Kategori:Utdanning i Innlandet Kategori:Skipingar i 1994 Kategori:Nedleggingar i 2015 Kategori:Tidlegare høgskular i Noreg