«Wooden Ships» er ein rockesong skriven av David Crosby, Stephen Stills og Paul Kantner (frå Jefferson Airplane) seint i 1960-åra. Songen vart skriven og komponert på båten til Crosby i Florida. Crosby skreiv musikken, medan Stills og Kantner skreiv teksten.
Bakgrunn Paul Kantner kunne ikkje offisiell tilskrivast som låtskrivar på songen på grunn av juridiske spørsmål, men han er tilskriven på utgåva av albumet som kom ut i 2006. Songen vart òg gjeven ut av Jefferson Airplane same året på albumet Volunteers. Begge versjonane av songen vert rekna som originalversjonar, men dei er temmeleg forskjellig på tekst- og melodimessig.
Crosby spelte inn ein demoversjon av songen solo i mars 1968 med melodien, men utan teksten. Stills spelte inn sin eigen demo månaden etter med det meste av teksten på plass.
«Wooden Ships» vart skriven på høgda av Vietnamkrigen, ei tid då det var store spaningar mellom USA og Sovjetunionen og atomkappløpet i den kalde krigen. Songen omhandlar frykta for ein apokalyptisk atomkrig.
Medverkande Crosby, Stills & Nash David Crosby – solovokal, rytmegitar Stephen Stills – solovokal, sologitar og bassgitar, klaverinstrument Graham Nash – harmonivokal Dallas Taylor – trommer
Jefferson Airplane Grace Slick – solovokal og harmonivokal Paul Kantner – solovokal, harmonivokal og rytmegitar Marty Balin – solovokal og harmonivokal Jorma Kaukonen – sologitar Jack Casady – bassgitar Spencer Dryden – trommer Med Nicky Hopkins – piano David Crosby – seglbåt
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wooden Ships» frå , den 24. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Crosby, Stills, Nash & Young-songar Kategori:Jefferson Airplane-songar Kategori:Songar om atomkrig og atomvåpen Kategori:Songar skrivne av David Crosby Kategori:Songar skrivne av Paul Kantner Kategori:Songar skrivne av Stephen Stills Kategori:Stephen Stills-songar