Thomas Kahlenberg () er ein dansk fotballspelar, som i 2010/11-sesongen spela for Wolfsburg i tysk Bundesliga, og for det danske landslaget.
Kahlenberg vart seriemeister i Danmark med Brøndby i 2005, og spelte òg éin ligakamp då Brøndby vart seriemeistrar i 2002. Han vart kåra til årets unge danske spelar i 2004. Han debuterte for Danmark sitt A-landslag 30. april 2003 i ein privatlandskamp mot Ukraina. Han var den yngste spelaren i Danmark sin tropp til fotball-EM i 2004, men fekk ikkje spela nokon kampar i turneringa. Han var òg med i troppen til fotball-VM i 2010, der han spelte i alle Danmark sine tre kampar.
Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Brøndby-spelarar Kategori:Auxerre-spelarar Kategori:Wolfsburg-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Folk frå Hvidovre