Tonight's the Night er det åttande albumet til Neil Young. Det kom ut i 1975 på Reprise Records, men vart spelt inn i 1973 og utsett i to år. Det nådde 25. plass på den amerikanske albumlista. I 2003 vart albumet rangert på 331. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene og i 2012 vart det flytta opp til 330. plassen på same lista.
Bakgrunn Tonight's the Night er eit direkte uttrykk for sorg. Crazy Horse-gitaristen Danny Whitten og venen til Young, samt roadien Bruce Berry hadde begge døydd av overdosar i løpet av månadane før desse songane vart skriven. Tittelsporet nemner Berry med namn, «Bruce Berry was a working man/He used to load that Econoline van.». Gitaren og vokalen til Whitten dominerer «Come on Baby Let's Go Downtown», som var eit konsertopptak frå 1970. Songen vart seinare òg gjeven ut på konsertalbumet Live at the Fillmore East, der Whitten er tilskriven som låtskrivar aleine.
Med seg har Young resten av Crazy Horse, bassist Billy Talbot og trommeslagar Ralph Molina, samt Nils Lofgren (gitar og piano) og Ben Keith (steelgitar). Young spelte inn albumet på same rufsete måte som Time Fades Away, stemma hans er ofte hes og han strevar med å nå dei høge tonane. Sjølve spelinga er laus med feil og skiftande tempo. Denne stilen fungerte, i følgje Allmusic, perfekt for materialet, og la vekt på den kjenslemessige stemninga i sorga til Young.Allmusic Dette stod i stor kontrast til det polerte lydbiletet til Crosby, Stills, Nash & Young, og Young-albumet Harvest. I mange av songane uttrykte Young at han ikkje likte følgjene som suksessen hans hadde ført med seg.
Reprise Records nekta å gje ut dette ukommersielle albumet. Det var opphavleg meint å kome ut tidleg i 1974 etter at Young hadde turnert med songane i USA og Europa. I 1975, etter ein massiv turne med CSNY, forkasta Young eit nyleg innspelt album, og gav i staden ut Tonight's the Night. Albumet vart ikkje ein stor salssuksess, men vart rekna som eit unikt meisterverk av kritikarane, og det vert framleis rekna som eit av dei største rockeplatene som nokon gong er laga.
På vinylutgåva av Tonight's the Night står ei kryptisk melding av Young: «I'm sorry. You don't know these people. This means nothing to you» («Unnskyld. Du kjenner ikkje desse folka. Dette betyr ingenting for deg.»)
Innhald
Medverkande Neil Young – vokal; gitar ; piano ; munnspel ; vibrafon Ben Keith – pedalsteelgitar, vokal ; pedalsteelgitar ; vokal ; slidegitar, vokal Nils Lofgren – piano ; vokal ; gitar Danny Whitten – vokal, elektrisk gitar Jack Nitzsche – elektrisk piano ; piano Billy Talbot – bass Tim Drummond – bass Ralph Molina – trommer, vokal ; vokal Kenny Buttrey – trommer George Whitsell – vokal
Salslister Billboard (USA) ÅrListePlassering1975Pop Albums25
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Tonight's the Night (Neil Young album)» frå , den 27. oktober 2010.
Bakgrunnsstoff Tekstar på HyperRust.org Tekst på plateomslaget
Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Neil Young-album Kategori:Album produserte av David Briggs Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Album produserte av Elliot Mazer 331 302