Homegrown er eit countryrockalbum av Neil Young som aldri vart gjeven ut.Thomas Erlewine, udatert. All Music om Neil Young på mtv.com. Vitja 23. april 2008. Det var så nært utgjeving at det vart laga plateomslag til det. Men i siste liten valde Neil Young å droppe Homegrown og i staden gje ut Tonight's the Night. Young har fortalt at han hadde ein avspelingsfest for Homegrown og Tonight's the Night var på same lydbandet. Han valde å gje ut Tonight's the Night etter den lyttinga «på grunn av den samla styrken og kjensla i albumet», og fordi Homegrown «var veldig nedstemt».

Albumet var hovudsakleg akustisk og mange av songane vart spelt solo av Young med gitar og munnspel. Det var òg ganske personleg og synte mange av kjenslene til Young etter at brotet med kjærasten Carrie Snodgress. Young har sagt at «Homegrown den manglande lenkja mellom Harvest, Comes a Time, Old Ways og Harvest Moon.»Shakey, Jimmy McDonough

Dei neste få åra vart fleire av songane frå dette albumet gjeven ut på andre album: «Pardon My Heart» på Zuma, «Star of Bethlehem» på American Stars 'N Bars, «Love Is a Rose» og «Deep Forbidden Lake» på Decade og «Little Wing» og «The Old Homestead» på Hawks & Doves. Songen «Homegrown» vart spelt inn på nytt med Crazy Horse på American Stars 'N Bars, og det same vart «White Line» for Ragged Glory. Teksten til «Florida» låg over teksten på plateomslaget til On the Beach. Songen «Barefoot Floors» vart spelt inn av Nicolette Larson på albumet hennar Sleep, Baby, Sleep.

I motsetnad til andre ikkje-utgjevne samlingar frå denne perioden, som Chrome Dreams, er ikkje Homegrown gjeven ut i sin heilskap som piratkopi.

Songar spelte inn under innspelingar «Homegrown»Hyperrust, Rare og Unreleased Songs «Vacancy» «Homefires» «Try» «Star of Bethlehem» «Little Wing» «The Old Homestead» «Pardon My Heart» «Love Art Blues» «Separate Ways» «Deep Forbidden Lake» «Love is a Rose» «Daughters» «We Don't Smoke It» «White Line» «Give Me Strength» «Frozen Man» «Tie Plate Yodle #3»

Ein er ikkje sikker på kva 10 songar av desse som vart valt ut for albumet. Young hadde òg andre songar som «Mediterranean», «Through My Sails», og «Hawaiian Sunrise» (aka «Maui Mama»), samt songar som «Human Highway», «Pushed it Over the End» og «Traces» som var meint for eit album med Crosby, Stills, Nash & Young. Dei sistnemnte skal derimot ikkje har vore planlagt for Homegrown.

Medverkande Elliot Mazer produserte innspelinga. Av musikarar på album fann ein mellom andre Tim Drummond, Karl T. Himmel, Levon Helm, Robbie Robertson, Emmylou Harris, Ben Scribner og Ben Keith.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Homegrown (Neil Young album)» frå , den 28. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Neil Young-album Kategori:Album produserte av David Briggs