Rust Never Sleeps er eit konsertalbum av den kanadiske musikaren Neil Young og det amerikanske bandet Crazy Horse. Det kom ut 22. juni 1979 på Reprise Records. Det meste av albumet er henta frå konsertopptak med ekstra spor lagt til i studio etterpå. Lyden av publikum vart stort sett fjerna. Young brukte omgrepet «rust never sleeps», «rust søv aldri», som eit konsept for turneen sin med Crazy Horse for å unngå kunstnarisk sjølvtilfredsheit og prøve ein meir progressiv og teatralsk tilnærmingsmåte på konsertane.

Bakgrunn og innspeling Det meste av albumet vart spelt inn på scenen i The Boarding House i San Francisco under turneen til Neil Young og Crazy Horse seint i 1978. Seinare vart det lagt til ekstra lydspor. Publikumslydane vart fjerna så langt det var råd, men det er likevel mogeleg å høyre publikummet her og der, særleg på første og siste spor. Albumet er delvis akustisk og delvis elektrisk, og vert avslutta med to versjonar av same song, «Hey Hey, My My».

«My My, Hey Hey (Out of the Blue)», «Thrasher» og «Ride My Llama» vart spelte inn live på The Boarding House tidleg i 1978 og heile side to vart spelt inn på turneen seinare i 1978. To songar på albumet var spelte inn i stuio: «Sail Away» vart spelt inn utan Crazy Horse under eller etter innspelinga av Comes a Time , og «Pocahontas» vart spelt inn solo i 1976 (originalen utan overdubbar vart gjeven ut i 2017 på arkivalbumet Hitchhiker).

Young gav òg ut ein filmversjon av albumet med same namn. Seinare i 1979 gav Young og Crazy Horse ut albumet Live Rust, som var eit konsertalbum med eldre songar innimellom songane frå Rust Never Sleeps. Tittelen er lånt frå slagordet for Rust-Oleum-måling og vart foreslått av Mark Mothersbaugh frå New Wave-bandet Devo.Shakey: Neil Young's Biography, Jimmy McDonough, 2002, Anchor Det er òg ein aforisme som skildrar den musikalske sjølvfornyinga til Young for å unngå å bli irrelevant.

Albumet vart av kritikarane i Rolling Stone kåra til årets album i 1979. I 2003 vart albumet rangert på 350. plass på lista til det same magasinet over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Kritikk

I ei melding for The Village Voice då albumet kom ut kalla Robert Christgau Rust Never Sleeps det beste albumet til Young til no og sa at melodiane var overraskande enkle og originale med overraskande og komplekse tekstar. Christgau skreiv: «Han er klokare, men ikkje trøyttare og sigrar over den langsame utbrenninga som tittelen hans åtvarar mot ». Paul Nelson skreiv iRolling Stone at første sida var meisterleg på grunn av måten Young overgår den akustiske settinga med den dominerande framføringa si og var imponert over motiva som omhandla personleg flukt og utmatting, rolla til rocken og amerikansk vald: «Rust Never Sleeps fortel meg meir om livet mitt, landet mitt og rock and roll enn noko musikk eg har høyrt på mange år.» Rust Never Sleeps vart stemt fram som det nest beste albumet i 1979 i den årlege kritikarundersøkinga Pazz & Jop i The Village Voice. Christgau, som skapte undersøkinga sette sjølv albumet på andreplassen på lista si, og det same gjorde kritikaren Greil Marcus. Albumet vann òg kritikarprisen til Rolling Stone i 1979 for årets album. I ei tiårsliste for The Village Voice, sette Christgau albumet på niandeplassen for 1970-åra.

I 2003 vart Rust Never Sleeps rangert på 351. plassen på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene. I ei seinare melding skreiv Greg Kot for Chicago Tribune at både den akustiske og den elektriske sida var utruleg bra. AllMusic og William Ruhlmann meinte at Young hadde kome attende med ny kunstnarisk kraft ved å vere nyskapande og modig, og i prosessen skapt eit eksemplarisk album som «omkapsla dei mange stilane hans på ei enkel plate med flotte songar - særskild den merkverdige 'Powderfinger' — ulik alt han hadde skrive før.» Rob Sheffield skreiv i The Rolling Stone Album Guide (2004) at «Powderfinger», «Pocahontas», «Thrasher» og «Hey Hey, My My (Into the Black)» alle var blant dei beste songane til Young.

Innhald Alle songane er skrivne av Neil Young, utanom der andre er nemnde.Neil Young and Crazy Horse. Rust Never Sleeps (Reprise Records, 1979).

Side ein

Side to

Medverkande Neil Young – vokal, gitar, munnspel, orgel, perkusjon

med (på «Sail Away») Nicolette Larson – vokal Joe Osborn – bass Karl T. Himmel – trommer

Crazy Horse (på side to) Frank «Poncho» Sampedro – elektrisk gitar, korvokal Billy Talbot – bass, korvokal Ralph Molina – trommer, korvokal

Salslister Liste (1979)PlasseringUK Albums Chart13US Billboard 2008

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rust Never Sleeps» frå , den 28. oktober 2010 og 26. februar 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekstar på HyperRust.org

Kategori:Konsertalbum av Neil Young Kategori:Crazy Horse-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av David Briggs Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Konsertalbum frå 1979 351 296