Alfred Reginald Radcliffe-Brown () var ein britisk sosialantropolog som var verksam ved universiteta i Cape Town, Sydney, Oxford og Chicago.

Gjerning Radcliffe-Brown grunnla den «britiske skulen» i antropologien. Han utførte i 1908 etnografisk feltarbeid på Andamanane, men hans viktigaste innverknad på faget kjem frå hans arbeid som teoretikar. Han var sterkt inspirert av Émile Durkheim og vart den fremste pioneren for den såkalla strukturfunksjonalistiske retninga innom antropologien. Dei viktigaste teoretiske artiklane hans er samla i boka Structure and Function in Primitive Society frå 1952. Der utvikla han funksjonalismen som system og la fram læra om korleis samfunn er integrert, og korleis samfunnsinstitusjonar i samspel forsterkar kvarandre og bidreg til at samfunnet vert vidareført.

Sine vitskaplege ideal henta han frå naturvitskapen. Han hyste forventningar om å kunne utvikle «allmenne samfunnslover», lover som i presisjon kunne jamførast med lovene innanfor fysikken og kjemien.

Kritikk Radcliffe-Browns naturvitskapleg inspirerte program har i ettertid vorte forlate av dei fleste antropologar, noko som òg gjeld strukturfunksjonalismen i reinodla form. Men mange av dei problemstillingar som dagens antropologar stiller seg, særskilt i Europa, vart opphavleg stilt av Radcliffe-Brown.

Han vert ofte kritisert for ikkje å ha oppfatta historisk endring i dei samfunna han studerte, i særleg grad slike forandringar som fylgde av kolonialismen. Likevel vert han saman med Bronislaw Malinowski rekna som ein av fedrane til den moderne sosialantropologien.

Ingen av verka til Radcliffe-Brown har vore omsett til norsk. Thomas Hylland Eriksen presenterte dei viktigaste teoriane hans i læreboka Små steder - store spørsmål: innføring i sosialantropologi, ei bok som har kome i fleire utgåver etter ho fyrst vart utgjeven i 1998.

Verk i utval The Andaman Islanders, 1922 The Social Organization of Australian Tribes, 1931 On Joking Relationships, 1940 African Systems of Kinship and Marriage (Med Daryll Forde), 1950 Structure and Function in Primitive Society, 1952 A Natural Science of Society, 1957

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alfred R. Radcliffe-Brown» frå , den 29. oktober 2010.

Litteratur Eriksen, Thomas Hylland, Små steder - store spørsmål : innføring i sosialantropologi, 1998.

Kategori:Britiske sosialantropologar