Selje kloster er ruinane av eit benediktinarkloster på øya Selja i Selje kommune i Sogn og Fjordane fylke. Klosteret ligg rett sør om Stadlandet, på vestsida av øya, rett ut mot Sildegapet og Stadhavet. Øya Selja ligg 15 minutt med båt frå fastlandet. Øya er og er dekt av lyng, myr og noko skog. Høgste punktet er Varden, 201 moh.

mini|St. Sunniva på alterskap i Austevoll kyrkje frå 1500-talet, no i Bergen museum.

Soga om Sunniva

Opprettinga av bispesete på Selja i 1068 og seinare bygging av eit benediktinarkloster vert sett i samanheng med Sunniva-legenda. Ho finst i tre versjonar frå mellomalderen, der den mest omfattande er «Acta Sanctorum in Selio». Ho er skriven på latin om lag 1170. Her vert det fortalt at Sunniva var ei kongsdotter frå Irland som var namngjeten for venleiken og rikdomen sin. Ein heidensk, brutal friar ville true henne til ekteskap, men i staden for å underkaste seg denne mannen gav ho seg av fri vilje over til ein ukjend lagnad ved å dra frå Irland med folka sine i tre skip utan segl, ror eller årar. «Det var ein heil flokk, menn, kvinner og barn, som gav seg havsens bølgjer i vald for å sleppe unna brottsjøane til det verdslege livet [...] Etter ei lang reise på sjøen førte Gud dette storarta reisefølgjet til ein del av Noreg som vert kalla Fjordane fylke [...] Då sjøen hadde lagt seg, landa den heilage Sunniva og brorparten av følgjet hennar på ei øy som heiter Selja; der vart dei buande, og av frykt for heidningane slo dei seg til i grotter og jordhòler. Resten av følgjet landa på ei øy som heiter Kinn; der budde dei på same måte og fekk seg mat til livberging ved å fiske.»Acta Sanctorum in Selio Folk på fastlandet i Selje såg med vonde augo på dei som nett hadde kome og skulda dei for å stele sauane deira som hadde beite på øya.

Den heidne Håkon jarl (jarl 970–995) drog sjølv til øya i lag med sine folk for å drepe dei i den tru at dei var hærmenn. Sunniva og følgjet hennar bad då om at fjellet måtte falle over dei - betre det enn at dei skulle falle for sverdet åt heidningane «Og det gjekk som dei ynskte. Fjellet styrta ned, knuste dei alle på ein gong og gav attende åt himmelen dei heilage sjeler som på det viset var frelst frå raseriet til dei valdelege.» Dette kunne ha vore slutten av historia om Sunniva og Seljemennene, men slik vart det ikkje: «På den tida hende det at nokre handelsmenn sigla forbi øya Selja. På stranda såg dei likesom ei strålande søyle av klårt ljos – det nådde heilt opp til himmelen. Det uvanlege synet gjorde dei både forundra og forvitne. Då dei nærma seg søyla, fann dei eit hovud av eit menneske under den; det stråla av ljos og gav ein herleg ange.» I soga om Olav Tryggvasson vert desse handelsmennene kalla Tord Eigileivsson og Tord Jorunarsson. Det vart til at kong Olav Tryggvasson fekk høyre historia. Han drog sjølv til Selja i lag med biskopen sin og eit stort følgje. Der fann han leivningane etter Seljemennene. Sunniva sin lekam vart funnen heil og utan lyte. Kongen lét byggje ei kyrkje på staden og Sunniva sine bein vart skrinlagde i 996. Seljumannamesse vert i dag feira 8. juli. Historia om Sunniva har klåre legendariske trekk. Like fullt er det mange som vel å tru at den har ei kjerne av sanning i seg. Tusenårsjubileet for Selja som heilag stad vart feira i klosteret 7. juli 1996.

Klosteret vert bygd

Noko sikker datering for når klosteret vart bygd er det ikkje mogleg å leggje fram. Det finst i det heile særs lite skriftleg materiale knytt til klosteret. I gamal tid vart eit kloster ofte bygd av makthavarane. Det er difor ting som tyder på at det var Olav Kyrre (konge 1067–1093) eller sonen Magnus Berrføtt (1093–1103) som starta bygginga av klosteret. Det kan og ha vore Magnus-sønene Sigurd Jorsalfare og Øystein. Selja var allereie frå Olav Tryggvasson si tid etablert som ein heilag stad med funna av Sunniva sin uskadde lekam og hennar og Seljemennenene si skrinlegging. All den tid bispesetet alt kom i 1068, er det naturleg å tenkje seg at også biskopen var ein av pådrivarane til at klosteret vart bygd på Selja. Dei fleste teoriar går difor ut på at bygginga av klosteret tok til rundt år 1100. Dermed er Selje kloster eit av dei fyrste klostra her i landet, om ikkje det aller fyrste. Mykje tyder på at det var anglikanarar som bygde klosteret og at det også var benediktinarmunkar (svartmunkar) frå England som inntok klosteret. Det faktum at klosteret og klosterkyrkja vart vigd til den relativt ukjende engelske helgenen Albanus stør dette synspunktet. På slutten av 1200-talet vart det sett i gang ei omfattande utviding av anlegget. Albanus-kyrkja vart forlenga på den tida. Framføre Sunniva-kyrkja vart det bygd ein terrasse i stein som soga omtalar slik: «Dette er det største mannaverk av dette slaget som er bygd»Flateyabok Dette var også den tida då livet i klosteret var på sitt rikaste. Ut frå storleiken reknar ein med at det var 10-15 prestevigde munkar som hadde tilhald i klosteret. Attåt desse hadde like mange lekbrør arbeidet sitt der. Dei var handverkarar, dreiv med stell av sjuke og dyrka jorda. Forutan det bøne og gudstenesteliv som utfalda seg, var klosteret og ein lærestad som utdanna prestar for teneste i kyrkja. Munkane på den tida var dessutan sysselsette med avskrift av bøker og omsetjingar. I 1305 brann store delar av klosteret ned. Vestfløya som var bygd i tre, vart etter brannen bygd opp att i stein. Klosteret var ferdigbygd i fyrste halvdel av 1300-talet. Svartedauden i 1349 førte til ein knekk for klosteret. Avgiftene frå klostergodset gjekk kraftig ned etter Svartedauden. Frå 1424 høyrer vi at ein munk på Selja vart halshoggen og ein annan brunnen utan at vi kjenner til kva dei vart dømde for. Nedgongstider førte til at klosteret vart nedlagd allereie før reformasjonen i 1537. Det siste vi høyrer om Selja er at klosteret i 1522 mottok to sekkjer fint mjøl frå Bergen. Selje kloster var ein stor jordeigar. Til saman 175 gardar låg inn under klosteret, derav to tredelar av alle gardane i Selje og Vågsøy. I 1545 vart alt klostergodset drege over til St. Jørgens Hospital i Bergen. Hospitalet arbeidde for spedalske. Etter kvart som bøndene fekk løyst inn gardane sine, brukte St. Jørgen ein del av denne formuen til å byggje eit sanatorium for tuberkuløse på Harastølen i Luster (tatt i bruk i 1902).T. Djupedal s.14 All gneis som er brukt som bygningsstein er påvist i nærområdet. Olivin derimot, som mellom anna er brukt i tårnet, er ifølgje geokjemiske undersøkingar henta frå Deknepollen, nokre timars segling sør for Selja.Nybø s.122 Etter at klosteret vart nedlagt, vart det plyndra for alt av verdigjenstandar, også stein. Den danske astronomen Tycho Brahe (1546-1601) fekk Nordfjord i len av danskekongen Frederik 2. Forutan å ta inn skatt frå lenet, henta han og ut stein frå klosteret. Denne steinen brukte han til å byggje observatoriet Stjerneborg og slottet Uranienborg på øya Veen i Øresund.T. Djupedal s.89 I 1643 vart det sendt eit skip frå Bergen til København med 518 «tilhugne klæberstene» frå Selje og Lyse kloster. Filosofen Arild Haaland gav i 1993 ei kyrkjeklokke (støypt hos Olsen Nauen Klokkestøperi i Tønsberg) til klosteret. Klokka heng i dag i kyrkjetårnet.

Biskopane til Selja Det var Olav Kyrre som oppretta dei fyrste bispeseta her i landet: Oslo, Nidaros og Selja. Dette hende i 1068 reknar ein med.

Bjarnvard den saksiske var den fyrste biskopen til Selja, og vart vigsla av paven sjølv i 1047. Etter vigslinga kom han i ein lojalitetskonflikt mellom erkebiskopen i Hamburg Bremen og kongen. Han drog difor til Island. Der vart han den sjette misjonsbiskopen på øya og soga fortel: «Han vigsla mangt det går gjetord om: kyrkjer og klokker, bruer og brønnar, vad og vatn, bjøller og andre nyttige ting. Og dette auka hans heider og og den akting folk følte for han.»Hungrvaka kap.3 Bjarnvard heldt til på Island i 20 år, så lenge Harald Hardråde styrte. Siden drog han tilbake til Noreg og vart biskop på Selja. «Sidan for han til Bjørgvin og der døydde han, og alle er samde om at han hadde vore ein framifrå mann.»Hungrvaka kap. 3

Magne vert nemnd i 1115 og 1128. Ved eit høve, attgjeve i Morkinskinna, irettesette han kong Sigurd Jorsalfare. Kongen ville skilja seg frå dronninga og gifte seg med ei kvinne som het Cecilie. «Og det trur du at du kan gjere i mitt bispedøme – å føre skam over Guds lov, den heilage kyrkja og bispeembetet?»Morkinskinna Kongen vart rasande, drog frå Bjørgvin i all hast og gifta seg i Oslo.

Svein Det einaste vi veit om den neste biskopen er at namnet hans Svein. Han er nemnt i ei islandsk bispeliste, men utelaten i ei norsk.

Ottar Islending var biskop i Selja i 1130. I eit svensk brev kjem det fram at han var deltakar på eit bispemøte i Lund i 1135. Noreg var under Lund erkebispesete frå 1104.

Sigurd var deltakar ved ein synode i Lund i 1139. Sigurd fekk oppleve at Noreg fekk eigen erkebispestol i 1152. Han må ha vore tilstades i Nidaros ved det høvet. Dit kom også den engelske kardinalen Nicholas Breakspear som like etterpå (1154) vart vald til pave. Biskop Sigurd døydde i 1156 eller -57. Etter at Sigurd var død, vart ikkje kongebrørne Inge og Øystein samde om kven som skulle verte neste biskop i Selja. Øystein valde sin kapellan Pål til biskop mens Inge jaga Pål bort og valde ny biskop.

Nikolas Petersson frå Sogn var den neste biskopen av Selja. Namnet og staden er det einaste vi veit om han.

Pål opptrer igjen i 1170, han må da ha vore innsett att, og flytta skrinet med Sunniva sine leivningar frå Selja til Bergen og den nybygde domkyrkja der. Det er semje om at biskopane slutta å ha tilhald på Selja etter flyttinga av Sunniva-skrinet i 1170. Samstundes er det også dei som meiner at biskopane aldri har budd på Selja, i alle fall at dei i lange periodar oppheldt seg i Bergen. Ei støtte for synet om at biskopen budde på Selja fram til 1170 kan vera at heilt fram til 1152 omtalar kjeldene dei som biskop «i Seliu».Nybø s.121

Sidan 1930 har Den katolske kyrkja hatt Selja som titulærbispedøme med sin eigen titulærbiskop. Den noverande titulærbiskopen til Selja er biskop Pero Sudar i Sarajevo (sidan 1993). Forgjengaren hans var biskop Eurico dos Santos Veloso frå Brasil.

Klosteret sine abbedar

Sjølv om klosteret si verksemd strekte seg over 400 år, kjenner vi berre namnet på sju abbedar. Så lenge biskopane hadde tilhald på Selja, er det nærliggande å tru at dei hadde det øvste andelege ansvar for klosteret. Ein trur og at dei fyrste abbedane var engelske, men at nordmenn tok over etter kvart.

Sigurd Detmarsson er den fyrste abbeden vi kjenner namnet på. I 1238 drog han til Island og vart biskop på Skálholt og var det fram til 1268. Vi kjenner ikkje til kor lenge han før det var abbed i Selje kloster.

Einar vert nemnd som abbed i 1305, året klosteret brann. 15. mai same år for han til Bergen for å verte abbed i Munkeliv kloster, noko som vart rekna som ei forfremjing.

Heming var abbed i åra 1305–1326, utnemnd av biskop Arne. Heming vart innsett under ein seremoni i Bergen domkyrkje 20. februar 1306. I 1326 vart han vald til ny abbed i Munkeliv. Heming var i fylgje biskop Audfinn ein «forsiktig, kyndig og rettskaffen mann både i andelege og verdslege saker.»

Erling følgde etter Heming som abbed frå 1326. Han hadde tidlegare vore munk i Munkeliv.

Jon Eindridsson vart abbed i 1338, truleg frå Munkeliv. Munken Erlend Josteinsson hadde det året send ei klage til biskop Håkon i Bergen om slett styring av klosteret. Både Erlend, Jon og presten i Selje, Aslak, måtte møte i bispegarden og forklåre seg. Vi kjenner ikkje til resultatet av møtet, men Jon vert året etter utnemnd til biskop på Skålholt. Han fekk verke der berre ei kort tid all den tid han døydde 16. mars 1341.

Orm vart vigsla til abbed for Selje kloster 11. november 1339. All den tid munkane ikkje greidde å velje abbed på rette måten (ved å fylgje dei kanoniske reglane) vart han vald av biskop Håkon. Munkane Erlend Josteinsson og Arnbjørn var utsendingar frå Selja ved vigslinga.