Weld er eit konsertalbum og ein konsertvideo av Neil Young & Crazy Horse som kom ut i 1991. Det består av innspelingar frå turneen etter albumet Ragged Glory. Det vart opphavleg gjeven ut som ein avgrensa trippel-CD kalla Arc-Weld, med Arc som ein enkel disk som berre består av lydkulissar med gitarstøy og feedback, utan tvil inspirert av at Young hadde Sonic Youth som oppvarmingsband. Arc har sidan vorte gjeven ut som eit eige album.

Weld består av rockesongane til Young og Crazy Horse og sju av dei hadde alt vorte spelt på anten Rust Never Sleeps eller Live Rust 12 år tidlegare. Young hadde brukt mesteparten av 80-talet med å eksperimentere med andre stilartar enn hard rock, og var no tilbake i rockesjangeren. Young spelte mellom anna Bob Dylan sin «Blowin' in the Wind», med lyden av flysirener som lydeffekt.

Neil Young hevdar at han permanent øydela høyrsla si under miksinga av albumet.

Videoen av turneen vart berre gjeven ut på VHS, ikkje DVD, og er i dag ut av opplag. I følgje boka Shakey laga David Briggs ein annan lydmiks for videoen, som var både hardare i kantane og betre.

Innhald

Medverkande Neil Young – gitar, vokal Ralph Molina – trommer, vokal Frank «Poncho» Sampedro – gitar, Univox Stringman synthesizer, vokal Billy Talbot – bass, vokal

Salslister Album ÅrListePlassering1991The Billboard 200154

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoBPI – UKSølv1. november 2002

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Weld (album)» frå , den 29. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album produserte av David Briggs Kategori:Konsertalbum av Neil Young Kategori:Konsertalbum frå 1991 Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Album produserte av Billy Talbot Kategori:Crazy Horse-album