Mirror Ball er det 24. albumet til Neil Young, spelt inn i lag med Pearl Jam, og gjeve ut 27. juni 1995 på Reprise Records. Albumet selde til gullplate i USA.
Innspeling Innspelinga fann stad i januar og februar 1995 i Bad Animals Studio i Seattle. Albumet vart produsert av Brendan O'Brien, som tidlegare hadde arbeidd med Pearl Jam-albuma Vs. i 1993 og Vitalogy i 1994.
Neil Young gjekk i studio med Pearl Jam i Seattle i januar 1995, elleve dagar før bandet skulle spele på ein konsert til støtte for retten til å ta abort i Washington, D.C.Strauss, Neil. "The Predictably Unpredictable Neil Young". The New York Times. juli 2, 1995. Henta 31. oktober 2010 Albumet vart spelt i løpet av fire dagar.(1995) Mirror Ball av Neil Young, [CD booklet]. New York: Reprise Records.Kent, Nick. "Neil Young Interview: Part #2". MOJO Magazine. desember 1995. Young valde å spele songane inn live i studio. I januar tok Young med seg «Song X», «Act of Love» og fem andre songar i studio for den første innspelinga i januar. For den andre innspelinga i februar hadde han med seg fleire songar. Young skreiv òg to nye songar for innspelinga i februar og ein song frå januar vart spelt inn på ny. Young sa at alle songane, bortsett frå «Song X» og «Act of Love», vart skrivne i løpet av dei fire dagane albumet vart spelt inn.
Young sa han reiste til Seattle for å spele inn plata som ein «utfordring». Han sa: «Å spele inn Mirror Ball var som audio vérité, berre eit bilete av kva som skjedde. Stundom visste eg ikkje kven som spelte. Eg var berre medviten om denne store lydmassen.» Pearl Jam-vokalist Eddie Vedder var ikkje mykje til stades på innspelingane.Weisbard, Eric, et al. "Ten Past Ten". Spin. august 2001. Vedder forklarte at han på denne tida vart forfulgt av ein tilhengjar og det var problem for å han å forlate huset sitt. Vedder skreiv seinare ein song om dette, «Lukin» på Pearl Jam-albumet No Code i 1996. Pearl Jam-gitarist Stone Gossard sa at Mirror Ball «kom på ei tid då me trengde det, at Neil tenkte me var eit band det kunne vere bra å spele inn ei plate med. Han hadde truleg vondt av oss. Han gjorde det heilt greit for oss å vere dei me var. Han tar ikkje karrieren sin så seriøst at han ikkje kan gjere endringar. Brått var me altfor seriøse»
Utgjeving og mottaking Mirror Ball nådde femte plass på den amerikanske albumlista og selde til gull. I Noreg hamna albumet på andreplass.
Albumet fekk blanda kritikk, men både NME og Rolling Stone gav albumet gode kritikk.
Det vart laga musikkvideoar av både «Downtown» og «Peace and Love».
Turne Etter albumet var ferdig, slo fleire av medlemmene i Pearl Jam, utan Vedder, seg med Young for ein kort turne i Europa i august 1995. Tilhengjarane kalla dei Neil Jam."1995 Concert Chronology". fivehorizons.com. Pearl Jam-gitarist Mike McCready sa «Det var ein draum som vart verkelegheit. Me fekk spele masse Neil Young-songar i lag med Neil Young sjølv, og fekk reise til Berlin, til Jerusalem, til Raudehavet.»Quinn, Bryan. "Q+A session with Pearl Jam". Daily Record. 9. mars 2009.
Innhald
Medverkande Neil Young – vokal, elektrisk gitar, akustisk gitar, pumpeorgel
Pearl Jam Jeff Ament – bassgitar Stone Gossard – elektrisk gitar Jack Irons – trommer Mike McCready – elektrisk gitar Eddie Vedder – vokal på «Peace and Love», korvokal
Produksjon John Aguto, Sam Hofstedt, Chad Munsey – assisterande lydteknikar Nicky Alexander, Girsh – trommeteknikar Joel Bernstein – prouduksjonsassistent, typografi og mosaikkportrett av Neil Young Gary Burden – kunstnarisk leiar og design Rhonda Burns – Grafikk på CD-plata Nick DiDia – ekstra lydteknikar Henry Diltz – bakside på omslaget og fotografi inne i omslaget Brett Eliason – lydteknikar Emek – logo Joe Gastwirt – Overføring frå analog til HDCD, digital redigering, digital mastering John Hausman – produksjonsassistent KPOB – kunstnarisk leiar og designassistent Tim Mulligan – digital redigering, digital mastering John Nowland – Overføring frå analog til HDCD Brendan O'Brien – produsent, miksing, elektrisk gitar, piano, korvokal Jeff Ousley, Tim «Scully» Quinlan – gitarteknikar «Pflash» Pflaumer – assistent Sal Trentino – forsterkarteknikar Ian Geiger - gitarteknikar George Webb – bassteknikar Keith Wissmar – ambience
Salslister
Album Liste (1995) Plassering Norske VG-lista 2 Den svenske albumlista 3 Den australske albumlista 4 UK Albums Chart 4 US Billboard 200 5 Den kanadiske albumlista 4 Den tyske albumlista 8 Den newzealandske albumlista 10 Den austerrikske albumlista 15 Den nederlandske albumlista 18 Den sveitsiske albumlista 24
Årslister
Liste (1995)PlasseringDen tyske albumlista48
Singlar År Singel Plassering US Main CAN1995«Downtown» 6 13«Peace and Love» 34 — «—» denotes songs that did not chart.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mirror Ball (Neil Young album)» frå , den 31. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Mirror Ball på neilyoung.com
Kategori:Musikkalbum frå 1995 Kategori:Album produserte av Brendan O'Brien Kategori:Neil Young-album Kategori:Pearl Jam-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Samarbeidsalbum