Le Noise er det 34. albumet til Neil Young, gjeve ut 28. september 2010. Albumet vart spelt inn i Los Angeles og produsert av Daniel Lanois (tittelen er eit ordspel på etternamnet hans).Neil Young announces new Daniel Lanois-produced album NME.com, 21. august 2010

Innspeling Young ringde først til Daniel Lanois tidleg i 2010 med ønske om å lage eit akustisk album, etter å ha sett videoar på Internett der Lanois og lydteknikaren Mark Howard arbeidde på Black Dub. Innspelinga fann stad i eit mellombels studio i huset til Lanois i Silverlake. Då dei prøvde å spele inn «Hitchhiker», ein song Young skreiv i 1970-åra, kjende Young at det ville passe betre å spele elektrisk gitar. To songar, «Love and War» og «Peaceful Valley Boulevard», vart verande i akustisk form, medan resten vart spelt inn med elektrisk gitar. Howard og Lanois brukte dub-teknikkane dei hadde utvikla medan dei arbeidde på Black Dub. Dette skapte ein markant gitarlyd av Young, som spelte på ein Gretsch White Falcon med stereo-pickups gjennom to Fender Deluxe-forsterkarar og ein Eventide H3500 subharmonisk generator. Både gitar og røyst vart handsama med forseinkingseffektar frå Lexicon Prime Time og TC Electronics Fireworks. Lanois og Howard brukte effektane i sanntid og Young kunne høyre resultatet gjennom monitorane. Howard sa «når du stod i midten av rommet så var det den beste lyden du nokon gong har høyrt. Det var utruleg. Me hadde høgtalarane på fullt og når du tok på veggane så rista dei. Det var nesten som eit jordskjelv! Neil pressa oss og sa 'Hei karar, det er flott, men ta det opp eit hakk. Gje meg meir av det!' Så etter innspelingane gjekk me inn der igjen med dei fleste songane og fanga visse ord og uttrykk og dubba dei».

Den originale versjonen av «Hitchhiker», spelt inn i 1976, kom ut i 2017 på arkivalbumet Hitchhiker.

Utgjeving Den 20. august skreiv Young på Facebook at utgjevinga skulle kome i forskjellige format, som BD og ein app for iPhone og iPad) og skreiv òg at det var berre han som spelte på albumet. Le Noise kom ut 2. september og det vart laga ein svartkvit film av alle songane, filma i studio av Adam CK Vollick. Desse kom ut på YouTube og på DVD. Videoar for «Angry World», «Hitchhiker», «Love And War» og «Walk With Me» hadde première separat før albumet kom ut.

Songen «Angry World» vann Grammyprisen for beste rockesong av ein soloartist.

Mottaking Le Noise fekk generelt positive meldingar og Uncut kåra det til det nest beste albumet i 2010 på Topp 50-lista si for det året. På ei tilsvarande Topp 30-liste for 2010 i Rolling Stone hamna albumet på 20. plassen.«The 30 Best Albums of 2010 ». Rolling Stone (25. desember 2010). Henta 18. januar 2011.

Albumet gjekk til andreplassen på den kanadiske albumlista og selde over 10 000 eksemplar. I Noreg nådde albumet tredjeplassen og i USA 14. plassen.

Innhald

Medverkande Neil Young - gitar, vokal

Teknisk Daniel Lanois - produksjon, innspeling Mark Howard - innspeling Keisha Kalfin - assisterande produsent i Los Angeles Margaret Marissen - assisterande produsent Elliot Roberts - rettleiing Gary Burden, Jenice Heo - kunstnarisk leiar Adam CK Vollick - fotografi

Salslister Liste (2010)PlasseringDen kanadiske albumlista2Europeiske Topp 100 album10Den norske VG-lista 3Den tyske albumlista22UK Albums Chart18U.S. Billboard 20014

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Le Noise» frå , den 31. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Neil Young, 'Walk With Me' -- Video Premiere

Kategori:Musikkalbum frå 2010 Kategori:Neil Young-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Daniel Lanois Kategori:Kanadiske garasjerockalbum Kategori:Eksperimentelle rockealbum