Yixing (hanzi 宜兴; pinyin Yíxīng) er eit byfylke i byprefekturet Wuxi i provinsen Jiangsu i austre Kina. Byfylket har ei utstrekking på 2.177 km² og hadde i 2005 1,07 millionar innbyggjarar. Byen er kalla «keramikkhovudstaden i Kina» og «Verdas tekannesenter».
Yixinggods Frå gammalt av har byen produsert steingods av lillabrun yixing-leire som finst i området. Yixingtekanner er høgt skatta og er mykje brukte til den kinesiske teseremonien. Dei eldste spora av keramikkmaking i Yixing er 7000-8000 år gamle, og under Han-dynastiet byrja ein laga keramikk med celadonglasur her. Keramikkmuseet i Yixing har over 10 000 gjenstandar.
I dag blir mykje av yixingkeramikken laga i nabobyen Dingshu (Dingshan), men det finst framleis handverkshus og fabrikkar her.
mini|left|Shanjuan-hola. Shanjuan-hola Shanjuan-hola er ein annan attraksjon. Ho er eit imponerande naturfenomen med ein hall på 1 000 m², stalaktittar på opptil sju meter og ein foss med eit fall på 120 meter utanfor. Temperaturen er rundt 23 °C heile året.
Holehallen er dekorert med dikt i kinesisk kalligrafi. Grotta har namnet sitt etter Shanjuan, ein vismann som ifølgje soga slo seg ned her for 4-5000 år sidan.
Kommunikasjon Yixing har ikkje jernbanesamband, men riksveg 104 i Kina går gjennom byfylket. Vegen begynner i Beijing, går sørover via Dezhou og så til Jinan, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.
Kjelder Yixing - the Pottery Capital of China and the Teapot Center of the World ved chineseclayart.com Shanjuan Cave ved wuxi.jiangsu.net Bakgrunnsstoff Yixing kommune si nettside (kinesisk) Yixing på Wuxi sine nettsider (engelsk)
Kategori:Byar i Jiangsu