For Netteland i Kvinnherad, sjå Nettland.

Netteland er ein gard på øya Losna i Solund kommune i Sogn og Fjordane. Garden har matrikkelnummer 64 i Solund. Fram til og med 1963 høyrde Losna til Gulen kommune og der hadde Netteland matrikkelnummer 3.

Geografi Netteland ligg like sør for Losnegard, ved ei lita bukt på søraustsida av øya. Ferjekaien på Losna ligg på Netteland, og ferja Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella går innom der etter førhandstinging.

Historie Det tidlegaste ein finn garden nemnt er i 1563, men han er mykje eldre. Ivar Kleiva skriv i bygdeboka for Gulen at Netteland før 1700 vart rekna for eit bruk under Losnegard.

Etter matrikkelen frå 1667 var skulda 1½ laup og 1 pund smør, og det var ein hest og 22 naut på garden. Utsåd var fire tønner havre og avling var 13 tønner. Skatten var 5½ riksdalar. Det ser ut til å ha vore to brukarar på garden då. I 1723 er det berre ein brukar. Garden hadde då ein hest, 24 naut og 12 sauer og geiter. Utsåd var fire tønner og tre skjepper havre, og avling var 16½ tønne.

Netteland fekk elektrisk straum innlagt i 1958.

Namn Oluf Rygh meiner namnet har med planta «netle» (nesle, brennenòt, Urtica) å gjere.

Statens kartverk har godkjend skrivemåten «Netteland» (1986).

Gardsnamnet er også kjent frå Kvinnherad kommune, men der vert namnet no skrive Nettland.

Kjelder

Vidare lesnad Ivar Kleiva: «Gnr. 3. Netteland» i Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga. Band I, side 31-38.

Bakgrunnsstoff «Netteland» i gardsmartikkelen frå 1886 «Netteland» i matrikkelutkastet av 1950 Om Netteland i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv

Kategori:Gardar i Solund Kategori:Tidlegare gardar i Gulen